Barske Glæder_Forsamling

Barske Glæder_Forsamling

10 års jubileum for Barske Glæder!

Norsk Fjellmuseum - Jotunheimen og Reinheimen Nasjonalparksenter hadde besøk av 96 femteklassingar frå Vågå, Lom og Skjåk fredag 8. mars. Det var 10. gongen Barske Glæder vart arrangert, og sjølv om det var kaldt så var det like triveleg som åra før. Målet med Barske Glæder er å formidle det enkle friluftslivet, samt få elevane til å ta inn over seg kvifor vern av natur, naturmangfald og nasjonalparkar er så viktig og betyr så mykje for området vårt. Det er også eit mål å bli kjent med fjellmuseet/nasjonalparksenteret.
Aktivitetane gjekk føre seg inne på museet og rundt i nærområdet. Norsk Fjellmuseum, Lom Fjellstyre, SNO og Villreinsenteret på Hjerkinn samarbeidde om programmet for dagen.
Sanseløype

Bruk av lavvo

I SNO sin lavvo fortalte naturoppsyn for Breheimen, Øyvind Angard, om bruk av lavvo gjennom fleire hundre år og nomadefolket. Korleis innretta bebuarane seg i lavvoen og korleis levde dei her. Kva var viktig for å ha eit greitt liv i ein lavvo. Elevane steikte seg svele og koste seg rundt bålpanna, med god hjelp av Magny Hilde frå fjellmuseet. Vi hadde og lassokasting som ein aktivitet ute. Bålbygging
Bålbygging

Bålbygging

Bygging av pagodebål og pyramidebål er ein aktivitet vi har hatt med kvart år. Det engasjerar elevane og innsatsen er stor. Dei bygger pyramide- og pagodebål, og må tenne bålet ved hjelp av 1 fyrstikk. Det var veldig kaldt denne dagen, - 17, og trekk frå elva, men dei utførte oppgåva med stor iver og engasjement. Dei fekk og sett korleis ein kunne gjera opp varme utan fyrstikker. Lom fjellstyre ved Åsmund Galde sto for dette opplegget.
Sanseløype

Sanseløype med utgangspunkt nasjonalparksenterutstillinga

Kristine Sørlie og Dag Inge Bakke laga ei sanseløype med utgangspunkt i nasjonalparksenterutstillinga. Elevane skulle ta seg fram i blinde ut og opp i terrenget. Dei skulle ta og føle på forskjellige gjenstandar og fortelja kva dette var når dei kom inn att.
Hjortevilt

Hjortevilt

Heidi Ydse frå Villreinsenteret på Hjerkinn hadde hjortevilt med spesiell fokus på villrein som tema i år. Opplegget gjev elevane god basiskunnskap om dette temaet og får dei til å reflektere over leveområde, kva kan vera trussel for villreinen, tilgang på mat og utvikling generelt

Natur- og kulturminner og nasjonalparkar

Inne på fjellmuseet fekk elevane lære om korleis jegerane jakta rein for 1500 til 3000 år sidan med utgangspunkt i den nye utstillinga ”Ut av isen” på Norsk Fjellmuseum. Elevane kan sjå originalfunn frå dei 3 nasjonalparkane i området samt reflektere over kva som gjer at rein og andre arter blir pressa i sine naturlege leveområde. Elevane blir og litt kjent med kvifor ein vernar og plassering av nasjonalparkane i sitt område.
Tips ein ven Skriv ut