10. klasse på tur til Lillehammer.
Torsdag 21. oktober var 10. klasse på Yrkesmesse og Trafikksenteret på Hunderfossen.
Yrkesmesse
På yrkesmessa fekk elevane informasjon om mange ulike yrke. I tillegg vart det arrangert NM i yrkesfag. Mange av elevane vart særleg opptekne av dei praktiske yrka.Trafikksenteret
Det som vart ein tankevekkar for dei fleste var kor viktig det var å bruke bilbelte. Alle elevane som ville, fekk prøve å snurre rundt i bil. Å hengje opp ned i ein bil er ikkje det same utan bilbelte!Det vart ein lang og lærerik dag for både elevar og lærarar.





