Portrett av Christen Smith

Portrett av Christen Smith

200 år med fjellturisme i Jotunheimen

I 2013 er det 200 år sidan botanikar Christen Smith la ut på ei reise som gav han tilnamnet «Jotunheimens oppdagar», og som kan oppfattast som starten for både fjellturismen og forsking i Jotunheimen. Dette må sjølvsagt markerast!

Christen Smith

Innhaldet i desse reisene kan ein kanskje sjå på som turisme, men var heile tida styrt av ein naturforskar si nekte nysgjerrigheit og entusiasme. Smith samla plantar, gjorde meteorologiske målinger, målte høgda på fjelltoppar, gjorde isbreobservasjonar o.s.b. (kjelde: Store Norske Leksikon). Sjå meir her: http://snl.no/.nbl_biografi/Christen_Smith/utdypning.

Hilsen fra Jotunheimen - B. Løvland
Hilsen fra Jotunheimen - B. Løvland

Program juni-august 2013

Det er ikkje ofte ein kan feire 200 års jubileum, og derfor er det naturleg med litt ekstra fokus på Jotunheimen i år 2013.

Dette vil bli markert m.a. på Norsk Fjellmuseum, Fossheim Hotell, Juvasshytta, Glitterheim og på Bessheim:

 

 

 

 

 

PROGRAM:

Fre. 14.6     Foredrag om livet til Christen Smith v/ forfattar Harald Pettersen.
                  På Norsk Fjellmuseum kl. 19.00

Laur. 15.6    Utstilling, seminar og uteaktivitetar
                   På Norsk Fjellmuseum frå kl. 11.00
        
Laur.    15.6    Tilbakeblikk med Birger Løvland, forfattar av «Hilsen fra Jotunheimen"
                     På Fossheim Hotell kl.17.30
                     4-rettars Smith-meny serverast frå kl. 19.00

Sund. 16.6    Gaida tur opp stigen til Hovde. Oppmøte Norsk Fjellmuseum kl. 10.30.
        
                    Tur til Klimaparken m/fokus på Christen Smith kl. 10.30
                    Oppmøte på Juvasshytta

Laur. 29.6    Historieforteljing om Juvasshytta m/ enkel servering kl. 19.30
                  Soloppgangstur til Galdhøpiggen kl. 23.00
                  Oppmøte på Juvasshytta

Laur. 29.6    Jotunheimendagen på Glitterheim, med foredrag om Christen Smith, soloppgangstur til Glittertind, fisking, padling, klatring m.m.
                  Oppmøte på Glitterheim

Laur. 29.6    Utstilling, sal og demonstrasjon av treski i «Jo Gjende» sin skikkelse.
                  Oppmøte Gjendeosen

                   Tur med botanikar langs Gjendevatnet, oppmøte Memurubu.

Fre. – sun.    Foredrag om Christen Smith, gaida turar til Bessvatnet og Besshø,
2.8 – 4.2      dans med gruppa «Bygdafolk», middagsservering m.m.
                  På Bessheim Fjellstue og Hytter (program for heile helga)

 

 

På vei mot Glittertind. Bilde frå B. Løvland
På vei mot Glittertind. Bilde frå B. Løvland

Meir informasjon?

Sjå brosjyra nedst på sida for meir informasjon om tidspunkt, prisar m.m.

Vedlegg

Tips ein ven Skriv ut