Framside/Tenester til deg/Kultur og fritid
Holø og Gelius legg ned krans ved minnestøtta for dei frå Lom som fell under andre verdskrigen

Holø og Gelius legg ned krans ved minnestøtta for dei frå Lom som fell under andre verdskrigen

70 år sidan krigen tok slutt

Det er 70 år sidan 2. verdskrig tok slutt i år. Bjarne Eiolf Holø og Einar Gelius la ned krans ved minnestøtta for dei to frå Lom som fell under krigen:

Asbjørn Gutubø var gardsarbeidar på Vågard i Norderhov når krigen braut ut. Han vart skoten i aprildagane 1940 når han var ute på sykkeltur.

Sigurd Strind var styrmann og radiotelegrafist på skipet ”Fingal”. Fingal vart torpedert utanfor Sidney i Australia i 1943.

Lom heimbygdslag og Lom kommune inviterer til markering på Fossberg i kveld kl. 19.00, alle er velkomne!

Tips ein ven Skriv ut