Tur til Bud.

Tur til Bud.

8. klasse på Bjørnsund leirskule.

Ungdomsskulen har vore på leirskule på Bjørnsund sidan 1980. I år vart det og eit vellukka opphald.
Spente elevar før båttur.
Spente elevar før båttur.
Det er litt spesielt å vere på Bjørnsund. Øya hadde fast busetjing fram til 1972.Då vart øya fråflytt. På det meste budde det over 700 menneske der. Husa er no feriebustader for utflytte familiar frå Bjørnsund. På leirskulen får elevane frå Lom erfare korleis det er å bu ved sjøen. Dei har studert livet i fjøra, fiska (mange fekk mykje fisk) og lært om øya si historie. For mange var det ei ny oppleving å vere så lenge burte frå foreldra sine. Alle trivdest godt sjølv om nokon hadde litt heimlengsel.
Sløying av fisk.
Sløying av fisk.
\"Blir det fisk tru?\"
"Blir det fisk tru?"
Smått, men godt!
Smått, men godt!
Krabbefangst.
Krabbefangst.
Rensking av garn.
Rensking av garn.
Bryggedans.
Bryggedans.
Tips ein ven Skriv ut