Foredrag i kulturhuset Banken.

Foredrag i kulturhuset Banken.

9. klasse på Litteraturfestivalen på Lillehammer.

9. klasse var onsdag og torsdag denne veka på Litteraturfestivalen på Lillehammer. Dei var ei av 7 klasser som var utvalde til å vere med å kåre årets ungdomsbok i Noreg!
Omvisning på Maihaugen.
Omvisning på Maihaugen.
Alle elevane har i vinter lese dei 5 nominerte bøkene. I vår har vi brukt tid på å diskutere og argumentere for kva for ei bok vi synes er best. På Lillehammer var 2 av elevane med på eit storjurymøte der dei saman med representantar for dei andre klassane skulle bli einige om kva for ei bok som fortente å vinne. På Lillehammer fekk vi møte forfattarane av dei 5 bøkene. U-prisen er ein pris som heng svært høgt hjå forfattarane, sidan det er ungdommar som les og vurderer bøkene deira. Vi var på fleire foredrag på festivalen og avslutta med show i kulturhuset Banken der vinnaren av U-prisen vart kåra! Vinnaren vart Terje Torkildsen med boka "Dystopia III". Dette var 2. gong han vann U-prisen.
Klar for storjuriemøte.
Klar for storjurymøte.
Avslapping etter ein lang dag.
Avslapping etter ein lang dag.
Tips ein ven Skriv ut