Møte om dugnadsfiber for busette i Lia

mandag 19. februar 2018, 19:00 - 20:30

Informasjon

Måndag 19. februar blir det eit ope møte for å kartlegge interessa for dugnadsfiber. Møtet er aktuelt for alle som har bustad i Lia i Lom.

Det er fleire område i Lom kommune som slit med dårleg breibandsdekning, og der det er lite lønnsamt å bygge ut. Det vart søkt om statlege midlar til utbygging i Lia i 2017, men her vart det gitt avslag. Derfor blir det no vurdert om dugnadsfiber kan vere eit alternativ. Dugnadsfiber er fiber som blir bygd ut på bakgrunn av eit samarbeid mellom private eldsjeler og utbyggjar, i tillegg til eventuelle offentlege tilskot. I dette tilfelle er det Eidsiva breiband som er den aktuelle utbyggjaren og samarbeidsparten.

Føremålet med møtet er:
- Å informere om dugnadsfiber og korleis det kan organiserast / finansierast
- Å kartlegge interesse for dugnadsfiber i det aktuelle området (Lia).

Ved tilstrekkeleg interesse (minimum 20 husstandar) er det ynskjeleg å sette saman ei lokal gruppe som kan jobbe vidare med prosjektet, i samarbeid med Eidsiva og Lom kommune. Vi håper derfor at alle som ynskjer seg betre breibandsdekning tek seg tid til å stille.

Sted

Lidarende grendahus
 

Kontakt

Lia ungdomslag, Lia grunneigarlag, Lom kommune, Eidsiva
 

Åshild M. Amundsen, tlf. 975 22 977
Legg til hendelsen i din kalender