Møte om dugnadsfiber for busette langs RV15 (Fossbergom=>Skjåk)

mandag 19. februar 2018, 17:00 - 18:30

Informasjon

Måndag 19. februar blir det eit ope møte om dugnadsfiber. Møtet er aktuelt for alle som bur langs Riksveg 15 frå Prestgardssvingen til kommunegrensa ved Skjåk.

Det er fleire område i Lom kommune som slit med dårleg breibandsdekning, og der det er lite lønnsamt å bygge ut. I slike tilfelle kan dugnadsfiber vere eit alternativ.
Dugnadsfiber er fiber som blir bygd ut basert på eit samarbeid mellom private eldsjeler og utbyggjar, eventuelt også kommunen. I dette tilfelle er utbyggjaren Eidsiva, mens det er Skim grunneigarlag som har tatt initiativ til møtet i samarbeid med Lom kommune.

Føremålet med møtet er:
- Å informere om dugnadsfiber og korleis dette kan organiserast / finansierast
- Å kartlegge interesse for dugnadsfiber i det aktuelle området (strekninga langs Rv15 frå ca. Prestgardssvingen til kommunegrensa mot Skjåk).

Ved tilstrekkeleg interesse (minimum 20 husstandar) er det ynskjeleg å sette saman ei lokal gruppe som kan jobbe vidare med prosjektet, i samarbeid med Eidsiva og Lom kommune. Vi håper derfor at alle som ynskjer seg betre breibandsdekning har anledning til å stille.

Vel møtt!

Sted

Midtgard
 

Kontakt

Skim grunneigarlag, Lom kommune, Eidsiva
 

Åshild M. Amundsen, 975 22 977
Legg til hendelsen i din kalender