JUBILEUMSKONSERT: Lom musikk- og kulturskule 25 år!

tirsdag 5. juni 2018, 18.00 - 21.00

Informasjon

Lom musikk- og kulturskule er 25 år i år. Dette blir markert med konsert med noko attåt tysdag 5.juni. Set av datoen alt no!

Det er no 25 år sidan Lom musikkskule starta. Same året starta dei også musikkskule i Skjåk.
I desse 25 åra har skulen utvikla seg frå ei organisering av musikkopplæringa til eit lovfesta skuleslag med sterkare struktur og formell organisasjon.

Vi har i alle desse åra vore heldige å ha gode lærarar og mange og engasjerte elevar. Dei fleste av dei har hatt glede av kulturskulen vår som opplæring i hobbyen sin. Somme har til og med gjort musikken til levebrød. Fleire av desse er lærarar i kulturskulen vår i dag.

I år har kommunestyra i Lom og Skjåk vedteke at kulturskulane skal slåast saman til ein kulturskule for Lom og Skjåk frå 1.aug. i år.
Såleis blir jubileumsframsyninga 5.juni ikkje berre eit jubileum, men også ei markering av slutten for kulturskulen i Lom som eigen skule.

Sted

Utgard fleirbrukshus
 

Kontakt

Lom musikk-og kulturskule
 

Legg til hendelsen i din kalender