DIKTARDAGAR 2018

torsdag 30. august 2018, Hele dagen

Informasjon

Velkomen til Diktardagar i Skjåk, Lom og Vågå 30.8. til 2.9.

Hovudtema for Diktardagar 2018 er Barne- og ungdomslitteratur: Kvifor er denne litteraturen så viktig? Korleis formidle litteratur, leselyst og skriveglede for barn og unge? Det er også temaet for det årlege seminaret laurdag 1. september. Ei av dei mest kjente og prislønna barnebokforfattarane i dag er Maria Parr, ho kjem for å delta både på seminaret og på andre arrangement. 

 

Sidan det i 2018 er 200-årsjubileum for Aasmund Olavsson Vinje, vil vi også markere det, mellom anna med ei vandring i fotspora hans i Vågå, og ein Vinje-kveld, der det blir konsert med Aasmund Nordstoga. Vinje var fleire somrar i våre traktar, særleg som ivrig fjellvandrar i Jotunheimen, noko NRK-programmet «Med Vinje i Jotunheimen» viser.  

 

Til festkvelden i Utgard har vi fått Sigrid Moldestad med musikarar. 

 

Som vanleg blir det eit omfattande program, i tillegg til det som er nemnt, er det forfattarbesøk på skolar, forfattaropplesing, filmframsyning, kurs i kreativ skriving for ungdommar, lansering av Barnedikt i utval (J-M Bruheim), diktardagarmiddag, pubkveld, Tor Jonsson-foredrag, bokbad, bokutstilling, program om barnebokforfattaren Tea Kummen. 

 

Les heile programmet og meir om Diktardagar 2018 på heimesida: www.diktardagar.no

Sted

Lom, Skjåk og Vågå
 

Kontakt

Diktardagar
 

Torunn Kjøk
Legg til hendelsen i din kalender