Årsmeldinga 2009

Elevar i sofakroken

Statistikken syner at lomvêrane var svært ivrige bibliotekbrukarar også i 2009 med eit snitt på 10 lån pr innbyggjar. Det totale utlånet låg på rundt 24.000. Dette er ein nedgang på omlag 1.000 frå 2008. Nedgangen skuldast i hovudsak nedlegginga av Garmo folkeboksamling. I 2008 hadde Garmo eit utlån på 2.500. Dette tilseier at utlånet på hovudbiblioteket i realiteten har auka i året som gjekk. Besøkstala syner også auke frå 17.000 i 2008 til 20.000 i 2009. Til samanlikning hadde vi vel 11.000 utlån og 8.000 besøk i 2000. Vi tykkjer det er veldig gledeleg at så mange fastbuande og tilreisande ser nytten av og brukar biblioteket vårt. Med utgangspunkt i den regionale bibliotekplanen for Nord-Gudbrandsdalen 2008 - 2012 blir dei viktigaste satsingsområda framover formidling av litteratur og andre kulturuttrykk og ei vidareutvikling av biblioteket som møteplass og læringsarena. De kan lesa heile årsmeldinga for 2009 her.