Administrasjon
Kultur og fritid
Kulturkontoret ligg i andre høgda på Midtgard. Kultur- og ungdomskonsulent Kristbjørn Rossehaug er einaste tilsette på kulturområdet. Han er ein del av administrasjonssjefen sin stab. Du når han på kontoret, på epost kristbjorn.rossehaug@lom.kommune.no eller mob.tlf. 404 48 548.
Kulturbygda Lom
Frå 1980-talet har Lom profilert seg som eit senter for natur og kultur. Det er ikkje ugrunna. Lom har dei høgaste fjella i Noreg. Jotunheimen er både vakker og mykje brukt av mange frå inn- og utland. Kultur og tradisjonar har vi rikeleg av.Folkemusikk
Folkemusikkmiljøet i bygda er sterkt og held nasjonalt nivå. Særleg gjeld dette felespel (flatfele) og trekkspel (femrader og torader). Av våre mange kjende folkemusikarar kan nemnast Sjugurd Garmo, Ola Moløkken, Erling Kjøk, Hans W. Brimi, Bjørn Odde, Amund Bjørgen, Knut Kjøk, Astrid Sulheim og Aslak O. Brimi.Også den vokale tradisjonen har vore sterk i tidlegare tider, men han er ikkje dominerande i dag.
Tre- og målarkunst. Husflid.
Det er mange bygdakunstnarar og husflidsprodusentar i Lom. Vi ser spor etter eldre treskjerarar og andre kunstnarar i bygningar mange stader i bygda. Produkt av nålevande kan du kjøpe av "Lomsprodusentane" i "Loarkjellaren" ved kyrkjevollen.Av kunstmålarar kan vi nemne Gustav Wentzel og nolevande Wilhelm Bjertnes.
Diktarar
Lomsbygda har fostra mange diktarar. Dei mest kjende er Tor Jonsson og Olav Aukrust. Også Knut Hamsun hadde røtene sine her, då han budde dei fyrste barneåra og ein periode i ungdomen i Lom. Vi har fleire forfattarar som bur i bygda i dag, og det er no planar om å etablere eit diktarsenter i Lom.Annakvart år i august (oddetalsår) har det sidan 2001 vorte arrangert "Diktardagar i Lom".
Matkultur
Mattradisjonar tufta på lokale råvarer har vore sterke i bygda. Spesialitetar som rumbrød, avletter, hardbrød og mjukbrød blir framleis baka i heimane rundt om. Likeeins har dei mange hotella i bygd og fjell vore med på å bera fram og utvikle matkulturen. Dette vart særleg synleggjort og kjent gjennom Fossheim hotell med Arne Brimi sitt Naturens kjøken. Vi har fleire meisterkokkar i bygda, m.a. Kristoffer Hovland. Den nyaste etableringa er det Morten Schakenda som står for med Bakeriet i Lom.Variert musikkliv
Lom har og har hatt eit variert musikkliv. Utanom folkemusikken kan nemnast at komponisten Sparre Olsen hadde sterk tilknyting til bygda. Han skreiv musikk m.a. til Lom songlag og er gravlagd ved Lomskyrkja.I dag er folkrockgruppa Lomsk kjend for mange utanom distriktet. Lom har skulekorps og vaksenkorps (massing) og hadde i si tid Noreg sin fyrste kvinnelege korpsdirigent; Aase Aukrust. Bygda har i dag blandakor, damekor, barnekor, kammermusikkgruppe, unge songarar og musikarar av ymse slag.
Ikkje minst ein svært populær og oppegåande musikk- og kulturskule med rektor og multimusikar Reidar Svare i spissen har mykje av æra for det.