Tildeling av offisielle adresser
Tildelingsprisnipp
Nummereringa er lik for alle vegane: hus på høgre side er tildelt oddetal og venstre side partal med stigande verdiar frå vegens utgangspunkt. Med få unntak vil vegens utgangspunkt være krysset der man kjører inn i vegen.Husnummerskilt
Eigar/festar som har fått tildelt offisiell adresse av kommunen, pliktar å setje opp husnummerskilt, jamfør Matrikkellova § 21 med forskrifter, Delingslova § 4-1, punkt 15.9 og Forskrift for namnsetting, adressering og adresseforvaltning i Lom kommune, (pdf-fil, 20KB).
Nummerskiltet skal vere sett opp innan eitt år etter at adressetildelinga er gjort kjend. Nummerskiltet skal plasserast slik at det er tydeleg kva for bygg/eigedom dei knyter seg til, og vere lett synleg frå gate eller veg. Som hovudregel skal skiltet stå ca. 2,5 m over bakken, og der tilhøva ligg til rette, plasserast til høgre for alle inngangsdører og innkøyring frå veg.
Treng den enkelte å omadressere/registrere ny adresse hos posten ?
Adressaten treng ikkje omadressere/registrere ny adresse hos posten, adresseendringa skjer automatisk via databaseoppdateringer. Men adressaten bør melde frå om ny adresse til sine eigne kontaktar.Kva gjer eg dersom eg er misfornøgd med adressa eg er tildelt?
Vedtak om gate-/veinavn er endelig og kan ikkje påklagast. Derimot kan det klagast på:• Sjølve nummertildelinga
• Avgjersla om korleis veg eigedomen skal ha adressa til
• Du kan også taka med begrunning som kan få fylgjer for klaga.
Klagefrista er 3 veker frå mottak av dette brevet. Klaga skal stiljast til Fylkesmannen i Oppland, men skal fyrst til Lom kommune for behandling. Brevet sendast til Lom kommune v/Teknisk, Midtgard, 2686 Lom.