Lom skifestival

Vi inviterer skiglade folk til å starte skisesongen saman med oss på Lom skifestival! Festivalsnøen finn vi på Sognefjellet ved Jotunheimen i midten av november, eller der den gode snøen er. Lom skifestival er to dagar med ski på novembersnø krona med bål, film, foredrag og fest.

Arrangør for Lom skifestival er Norsk fjellsenter. Fjellsenteret er også basen for skifestivalen og ligg i Lom sentrum. Her er det frammøte for dei guida skiturane, her samlast folk rundt bålet etter ein dag på ski i fjellet, og her er det foredrag og fest om kvelden. Frå fjellsenteret er det gangavstand til overnatting og matservering.

Arrangør: Lom skifestival
: Lom
Tid: fredag 10. november
Norsk Fjellsenter
http://lomskifestival.no/