Barnehagesamarbeid øst-vest
Barnehageleiarar frå Lom kommune var sist veke på todagars studietur i Aukra kommune på Romsdalskysten. Begge kommunar har arbeidd med kvalitet og leiing i barnehagen etter same modell, og ville gjerne dele erfaringar med kvarandre.
Mottaket i barnehagen er viktig
Det siste halvåret har barnehagane i Lom arbeidd målretta for at barn og foreldre skal bli enda meir tilfredse med måten dei blir teke imot på i barnehagen. På felles planleggingsdag i november delte dei på kreativt vis kunnskapar og erfaringar, gjennom både sang, rollespel og digitale presentasjonar. Nå skal foreldre vere med å evaluere i kva grad mottaket har vorte betre.
Barnehagetilsette i superfinale
Alle barnehagane i Lom har det siste halvåret hatt særskilt fokus på vaksenrolla i uteleik. Førre veke avslutta dei emnet med brask og bram. Alle tilsette var samla i Fjellmuseet der dei på imponerande vis la fram resultatet av utviklingsarbeida på kvar avdeling.
Ja vi kan
Les artikkelen og sjå fleire bilete
Ungane gjekk i opptog frå barnehagen og opp til Midgard. På turen delte dei ut flygeblad til alle dei møtte. På desse stod det kor mykje barnehageungane kan. Ungane hadde skreve kvar sin plakat med kva dei kunne på, og stolte viste dei plakatane sine fram på Midtgard. Det var song og musikk ved Midtgard og dei sende også opp ein luftballong . Sjå bildar lenger ned i artikkelen.
Barnehagesektoren i endring
”Frå øyremerka midlar til rammefinansiering i barnehagesektoren – krev endringa eit strategisk nybrotsarbeid på kommunenivå?” Dette var tittelen på foredraget administrasjonssjef Ola Helstad heldt for barnehageansvarlege frå heile Oppland.
Odda barnehage i nye lokale
Opningsfest
I dag var endeleg barna i Odda barnehage på plass på Leirmo. Dei eldste barna har fylgd nøye med på prosessen, og vore på jevnlege inspeksjonar i haust for å passe at alt har vorte slik som dei har bestemt. Før helga bestemte dei at det måtte vere skikkeleg opning den fyrste dagen i ny-barnehagen med snorklipping og marsipankake. Foreldre, politikarar, kommuneadministrasjon og presse vart invitert.
Vil bli betre
Loar barnehage og Garmo barnehage vil bli betre. Derfor har dei starta eit utviklingsarbeid der målet er tydelege leiarar, målretta aktivitet og engasjerte medarbeidarar. Første samling er avvikla med stort engasjement.
Ivrige barnehagetilsette på kurs for å skape betre barnehagar.