Framside»Tenester til deg»Skule og utdanning»Aktuelt frå skulen
Skjermbilde 2017-08-21 kl

Smittevern i barnehagar og skular

21. august 2017

Barnehagar og skular skal planleggjast og drivast på ein måte som gjer risikoen for spreiing av smittsame sjukdommar så liten som mogleg. På denne sida finn du lenker til generell informasjon om smittevern i tilleg til informasjonsskriv utarbeidd i Nord-Gudbrandsdal

l-miljostasjon_uteskule_025

Reisebrev frå 3. og 4. klasse på Loar!

19. mai 2017

Torsdag 18. mai var 3. og 4. klassingane ved Loar skule på ein særs spanande ekskursjon: vassverk, reinseanlegg og miljøstasjon! Her kan du lesa litt om korleis den turen var.

Sklia blir testa og godkjent.

No er det nye leikestativet opna!

08. mai 2017

Det var mange glade elevar når leiar for FAU og rektor kunne opne det nye leikestativet ved Loar skule

Skjermbilde 2016-08-16 kl

Skulestart i Lom 2016/17

No er det snart klart for...

16. august 2016

Ein sommarferie går fort, no er det duka for skulestart i Lom! Måndag 22. august er datoen, med desse klokkesletta ved skulane våre: 

Loar skule: kl. 08:55

Lom ungdomsskule: kl. 08:50

Velkomne attende til skulen!

IMG_4441

Andreas og dei gode hjelparane på TV

Slå på NRK1 Langfredag:

15. mars 2016

7.klasse har tradisjon for ein piggetur på vårparten.  Sist vår var Andreas Eriksen Strand med god hjelp på toppen av Galdhøpiggen.  Det var inga sjølvsagd hending med Andreas sine føresetnader.  NRK var med og filma det heile. Langfredag – 25.mars – kl. 22.40 kjem dokumentaren om dette på NRK1.

Skjermbilde 2016-01-11 kl

Opning av isbana på Loar

11. januar 2016

Skuleveka starta noko alternativt ved Loar skule i dag: Heile skulen samla seg for høgtideleg opning av isbane - på isen såklart.

TV-aksjonen 2015

08. oktober 2015

På Lom ungdomsskule er det ti elevar som har valfaget «Innsats for andre». Neste veke skal dei gjere ein innsats for regnskogen. Det er Regnskogfondet som skal forvalte midlane. 

Foreldrekonferansen2015

Foreldrekonferansen 2015

TEMA:Fysisk aktivitet & mestring

06. oktober 2015

Onsdag 04.11 kl 19.00 i Utgard er det duka for Foreldrekonferansen 2015. Konferansa er gratis, ein treng heller ikkje melda seg på - her er det berre å stilla opp!

Det er Regionrådet Nord-Gudbrandsdal som er arrangør, idretts- og fysakkoordiator Stian Høglien arbeider for å fremja fysisk aktivitet for barn og unge.

Målgruppa er alle foreldre/føresette med barn i barnehagar og grunnskular. 

Tema: 

Fysisk aktivitet, friluftsliv, mestring, at alle skal bli sett, foreldrenes betydning og nærmiljøanlegg.

 

Bilde av skulestart

Skulestart 2015

12. august 2015

Ferien er snart over, lærarane er i full gong med planlegging. Dei gler seg til elevane byrjar att! Skulestart hausten 2015 er måndag 17. august. Nyt dei siste dagane av ferien, alle barne- og ungdomsskuleelevar!

Grendamøte

05. september 2014

Hausten 2014 skal kommunestyret i Lom avgjere framtidig skulestruktur. Kommunen ynskjer ein mest mogleg open prosess. Ordførar og administrasjonssjef  inviterer derfor til grendamøte der alle som ynskjer det kan kome og få informasjon og stille spørsmål.

For Garmo krins blir møtet på Garmo skule 15.september kl.19.00.

For alle utanom Garmo krins blir møtet i auditoriet på Lom ungdomsskule 23.september kl.19.00

Saka vart lagt ut på høyring i juni. Aktuelle  dokument finn ein under «Saker til høyring» her på  heimesida eller ved å ta kontakt med Lom kommune direkte. 

Kommunen håpar på stor deltaking og ynskjer alle som er interesserte  i skulen si framtid, velkomne