Telemedisin i Nord-Gudbrandsdalen

Nord-Gudbrandsdalen har hatt telemedisinske tenester sidan 1997. I 2010 ble det etablert eit prosjekt som ledd i utviklinga av tenester og samhandling i regionen. Eit av delprosjekta omfatta telemedisin. Det delprosjektet er nå avslutta og oppsummert i eigen sluttrapport og i eit samandrag.
Ein av dei yngste brukarane flankert av helsesystrene Stine Brenna (t.v.) og Liv Marie Øyjordet

Markering av 100-årsjubileum

Den første helsestasjonen i Noreg vart opna i 1911, og også på Lom Helsestasjon vart 100-årsfeiringa markert. Helsesystrene Liv Marie Øyjordet og Stine Brenna inviterte til open dag med kaffe og biteti.

Blant jubileumsgjestene var også ein av dei yngste brukarane, som fann seg godt til rette både på fanget til helsesyter og på golvet - der han hadde tilgang til ein del fargerike og freistande gjenstandar.

Offentleg nettside med råd i samband med terroråtaka

I samband med tragediane i Oslo og på Utøya har Helsedirektoratet samla viktige, kvalitetssikra råd til publikum. Råda er samla på helsenorge.no og er tilpassa ulike grupper.

Lenke til krisesida på nettstaden helsenorge.no.

Vi minner samstundes om helsetilbodet i Lom kommune

Tenestetilbodet kan nåast ved å ringe fagleiar psykiatri på telefon 61 21 72 13 eller mobil 480 27 261. Dette gjeld på dagtid mellom kl 08.00 og 15.30.

Utanom dagtid kan tenestetilbod og nåast gjennom å ringe til vaktsentralen på telefon 6121 9100. Dei har og oversikt over tilgjengelege tenesteytarar. Vi minner og om telefonnummeret til legevakta som er 61 70 08 00.

Gunnar Vestad

Folkehelsekoordinator og leiar frisklivssentral

Gunnar Vestad har teke til i Lom kommune som folkehelsekoordinator og leiar frisklivssentral. Han er tilsett i til saman 60% stilling for å dekkje desse funksjonane. I tillegg er han engasjert i eit 40% vikariat på Miljø, teknisk og næring, der han hovudsakleg skal arbeide med ”Lom som nasjonalparklandsby”.
Elevar overrekkjer plakat på Coopen

Verdas tobakksfrie dag 31. mai

I dag blir Verdas tobakksfrie dag markert over heile landet. Temaet i år er salg av tobakk til unge. Målet er å setja lokal tobakksførebygging på dagsorden.

Klart for felles legevakt i Nord-Gudbrandsdal

Den nye legevaktordninga kjem i gang laurdag 15. januar kl 08:00, telefon 61 700 800

Det har lenge vore arbeidd med felles legevakt i regionen, og frå førstkomande laurdag kjem ordninga i gang knytt til Nord-Gudbrandsdal lokalmedisinske senter på Otta.
Legevaktsentalen er open kvardagar mellom kl 16 og 08 og heile dagen på alle helge- og helligdagar.
Telefonnummeret er 61 700 800 og du vil møte kvalifisert helsepersonell i telefonen.