Kari Sveen sluttar som kommunalsjef

Kari Sveen har takka ja til stillinga som nasjonalparkforvaltar for Jotunheimen og har sagt opp stillinga som kommunalsjef i Lom kommune. Ho uttrykkjer at dette er ei sjanse til å få nytta utdanninga si fullt ut og at ho ikkje kan la sjansa til å takke ja til denne stillinga gå frå seg.
- Avgjerda har ikkje vore lett, da eg og ser store og interessante utfordringar i Lom kommune, seier Kari Sveen i ein kommentar.
Kari vil arbeide i kommunen ut april månad.
Administrasjonssjef Ola Helstad seier seg lei for at Kari har bestemt seg for å slutte i stillinga som kommunalsjef etter nokre månader, men har forståing for valet ho har gjort og ynskjer ho lykke til i ei spanande stilling.

Nytt telefonsystem i Lom kommune

Eitt felles sentralbord for nesten heile kommunen

I dag, måndag 19. september, tek Lom kommune i bruk eit nytt telefonsystem. Med det nye systemet får vi eitt felles sentralbord som kan sette over til dei fleste i kommunen, også til mobiltelefonar.

Vi arbeider for at overgangen skal gå smertefritt, men ber om forståing for eventuelle utfordringar i overgangen.

Lom kommune vil ha det same hovudnummeret som tidlegare: 61 21 73 00.

Legekontoret har eige sentralbord og dei same telefonnumra som før:

  • Telefon i kontortida 61 21 72 00.
  • Telefon utanom kontortid 61 70 08 00
  • Fax 61 21 72 01
  • Øyeblikkeleg hjelp 113

telefon- og epostlista finn du direktenummer til tilsette i kommunen.

Sjå filmar frå Lom

Innbyggjarar i Lom og tilsette i kommunen i hovudrollane

Lom kommune gjennomfører i dag, fredag 26. august, eit arrangement for alle tilsette kor vi set fokus på å oppretthalde og vidareutvikle eit godt omdøme. I den samanheng er det synt fram fire filmar kor innbyggjarar i Lom og tilsette i kommunen har hovudrollane. Klikk på lenkene under for å sjå filmane.

Arrangementet held fram med Lomsk og grilling i Presthaugen utover kvelden.

Skatteoppgjeret juni 2011

Første pulje er klar 24. juni

Nytt i år er at skatteoppgjeret vert delt inn i fire puljer. Dei fleste, men ikkje alle, lønstakarar får oppgjeret i første pulje som er klar 24. juni.
Dei i første pulje som får skattepengar tilgode, vil få desse utbetalt i løpet av veke 26.
Restskatt for denne pulja har forfall 22. august og 26. september.
Seinare puljer av skatteoppgjer kjem i august, september og oktober.
Kommunalsjef kari Sveen

Kari Sveen tilsett som kommunalsjef

Som mange sikkert kjenner til, har det over noko tid vore arbeidd med tilsetting i stillinga som kommunalsjef i Lom kommune. Administrasjonssjef Ola Helstad er derfor glad for å melde om at Kari Sveen nå er tilsett i stillinga.
- Vi har arbeidd med denne tilsettinga ei stund, og har bevisst vald å bruke nødvendig tid for å få tak ein medarbeidar som vil komplettere leiinga i kommunen med erfaring og kompetanse, seier Helstad. Kari har som dei fleste veit, arbeidd i Lom kommune tidlegare, faktisk i 18 år. Ho var sektorleiar for miljø, teknisk og landbruk i fleire av desse åra. Dei siste 4-5 åra har ho arbeidd fleire andre stader som har gjeve både ho og kommunen svært nyttig erfaring og oppdatert kompetanse, særleg innan det planfaglege.

Eigedomsskatt 2011

Offentleg ettersyn

Liste over eigedomsskattetakstar og utlikna eigedomsskatt for skatteåret 2011 er lagt ut til offentleg ettersyn på kommunen sitt servicetorg, Midtgard.

Sjå også lista her, pdf-fil, 65KB.

Magnar Kolden leiar spinninga for kommunalt tilsette

Aktive tilsette i Lom kommune

Tilsette i Lom kommune møtast kvar måndag, onsdag og fredag til spinning i Lom Samfunnshus. Magnar Kolden leiar aktiviteten, noko vi er svært takksame for. Magnar har leia dette på 3. året.

Kvar gong er det 8 – 10 som stiller opp. Her møtast tilsette frå forskjellige område av kommunen, og det er plass til fleire. Vi som er med oppmodar andre tilsette til å bli med. Spinning er ein aktivitet der du sjølv kan tilpasse trimmen til det du ynskjer.

Effektiv drift og gode tenester

Lom kommune har lågare inntekter enn gjennomsnittskommunen, gjev betre tenester og har samstundes god økonomi. Slik kan vi kort oppsummere rapporten frå TBU (regjeringa sitt tekniske utrekningsutval) om tenesteproduksjonen i kommunane. Lom kommune er på en 29. plass over dei mest effektive kommunane i landet.

- Sjølvsagt er eg svært glad for dokumentasjonen på at Lom kommune driv på ein god måte, seier administrasjonssjef Ola Helstad. TBU er ingen "kven-som-helst" i ein slik samanheng og står for kvalitet i sine vurderingar.
Torill og Kåre Vole frå Krossbu turiststasjon flankert av ordførar Simen Bjørgen og brannsjef Atle Festervoll

Lom kommune sin brannvernpris til Krossbu turiststasjon

Får prisen for planmessig forbetring av branntryggleiken

- Dei oppdaga eit branntilløp fordi gjestar tørka klede over ein varmeomn, sa brannsjef Atle Festervoll da Krossbu turiststasjon fekk tildelt branntryggleiksprisen frå Lom kommune. Etter det, har dei lagt gode planar, dei følgjer planane og dei har investert mykje over fleire år for å betre branntryggleiken. Eg er verkeleg imponert over innsatsen på Krossbu sa Festervoll.
Adminstrasjonssjef Ola Helstad hadde gleda av å dele ut klokke for 25 års teneste til leiande jordmor Ellen Olasveen

Klokke for 25 år i Lom kommune

Kvart år før jul har vi ein tradisjonell juleavslutning på Midtgard. Og kvart år har administrasjonssjef Ola Helstad gleda av å dele ut klokke til medarbeidarar med 25 års teneste for Lom kommune. I år var det Ellen Olasveen, Terje Hoel og Torø Vaagaasarøygard som vart heidra på denne måten.

Klokke for 25 års teneste til leiande jordmor Ellen Olasveen

Lom kommune

Midtgard
2686  Lom
Telefon: 61 21 73 00
post@lom.kommune.no

GPS-koordinatar:
61.83714589755465,
8.570044040679932