Statlege tilskotsordningar for naturforvalting og friluftsliv 2012
Miljøverndepartementet lyser årleg ut ei rekkje tilskotsordningar retta mot lag og organisasjonar, grunneigarar, privatpersonar m.fl.. Dei viktigaste ordningane for 2012 er:
- Tilskot til fiskeformål
- Tilskot til viltformål
- Tilskot til friluftslivstiltak
- Tilskot til tiltak for prioriterte artar
- Tilskot til tiltak for utvalde naturtypar
- Tilskot til førebyggjande/ konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga
Breheimen nasjonalparkstyre - utlysing av midlar
Pressemelding frå Breheimen nasjonalparkstyre
Imponert statssekretær
Statssekretær Heidi Sørensen frå Miljøverndepartementet var tydeleg imponert over alle dei konkrete resultata Lom har fått ut av satsinga på nasjonalparklandsbyen. Dette kom fram sist sundag då leiar i landsbyrådet og varaordførar Mai Bakken tok ho med på ei sentrumsvandring.
Statssekretær Sørensen fekk med seg Mai Bakken som lokalkjent guide på sentrumsvandring i Fossbergom.
Nye arkeologiske funn ved Lomseggen
Nå kan du sjå ferske funn av kulturminne frå ein 1000 år gamal leirplass i Breheimen. Over 70 funn er samla inn av arkeologar i området ved Lomseggen. Gjenstandane vert tilgjengeleg for publikum ei stutt periode før dei blir frakta vidare til Kulturhistorisk museum i Oslo.
Helikopterflyging i låg høgde over Jotunheimen
Norges geologiske undersøkelser (NGU) vil i juli/august utføre målingar frå helikopter i låg høgde over Jotunheimen. Formålet med målingane er å kartleggje Cesiuminnhaldet på bakken etter Tsjernobylulykka. Dette fører framleis til høgare radioaktivitet i rein- og sauekjøtt.
Ved å finne ut korleis nedfallet fordeler seg, er tanken at dyra kan styrast unna dei mest utsette områda i tida før slakting. Erfaring frå Nord-Trøndelag tilseier at nedfallet kan liggje lokalt. Fleire av kartleggingslinjene kryssar område i Lom. Det er gjeve dispensasjon for lågtflyging over Smådalsvatni naturreservat.
Sjå vedlagde pressemelding frå NGU med kartskisse (pdf-fil, 136KB).
Eitt steg nærare utbygging av Smådøla
NVE tilrår å gjeva Eidefoss AS løyve til å bygge ut Smådøla kraftverk
Lom kommune har mottatt melding frå NVE om at deira handsaming av søknaden frå Eidefoss AS om utbygging av Smådøla kraftverk nå er ferdigstilt. NVE tilrår Olje og Energidepartementet å imøtekoma søknaden, og det blir opp til dei å ta endeleg standpunkt i saka. Som kjent har eit samrøystes kommunestyre i Lom gått inn for denne utbygginga.
Betre utsikt til Lomskyrkja frå sentrum
Auke grense for båtmotor frå 7 til 10 hk
Offentleg ettersyn
Framlegg om forskriftsendring/ endring av planføresegn til kommunedelplan - høgding av grense for maksimal størrelse på båtmotor i Lom frå 7 hk til 10 hk. Lom formannskap har i sak 104/2010 lagt fram forslag om endring i kommunale føresegner om bruk av båtmotor på vatn og vassdrag. Endringa gjeld høgding av grense for maksimal motorstørrelse frå 7 hk til 10 hk på vatn og vassdrag over 2 km2 utanfor område verna etter naturmangfaldlova.
Miljøprisen 2010
Kom med forslag på kandidat innan 19.11.2010
Miljøprisen skal tildelast enkeltpersonar, bedrifter, lag eller institusjonar i kommunen som har lagt ned ein stor innsats på miljøvernsektoren.
Forslag på kandidat til Lom kommune, Midtgard, 2686 Lom, innan 19.11.2010.
Bjørn i Lom?
Fylkesmannen har eiga side om forvaltning av rovvilt og der finn du og informasjon om kontaktpersonar.