Framside»Tenester til deg»Omsorgstenester»Aktuelt
Det blir sykla jamnt og trutt under VM

Lom helseheim på 13. plass i sykkel-VM for eldre!

03. oktober 2017

Lom helseheim har delteke i sykkel-VM for eldre! Startskottet gjekk 21. august og sidan da har det vore sykla jamt og trutt ved Lom helseheim.

hand-351277_1920

Lom - eit demensvenleg samfunn: invitasjon til kurs

03. oktober 2017

Vi ber inn til nytt kurs  slik at fleire av verksemdene i Lom kan få høve til å delta og at dei versemdene som ikkje hadde høve til å delta sist, får høve no. Vi tilbyr om lag det same kurset som vart arrangert i vår. 

6015371_3818594

Hausten 2017 på Lom helseheim

25. september 2017

Her kjem ei oversikt over aktiviteter på Lom helseheimen der pårørande er hjarteleg velkommen.

20170823_083200

Lom helseheim deltek i sykkel-VM for eldre

01. september 2017

Med drikke i fine glas og flott fingermat var det god stemning på Lom helseheim under opningsseremonien for sykkel-VM for eldre.

Resultat for Lom kommune 2017 - Kommunebarometeret

Kommunebarometeret: Lom kommune gjer det godt!

27. juni 2017

Kommunebarometeret for 2016 er nyleg gjort kjent  - og Lom kommune viser gode resultat med positiv utvikling frå førre rangering.  Det er særleg innan pleie og omsorg det er vist stor framgang.   At vi frå før har gode resultat innan skule er godt kjent.

LomHelseheim

Høyringsnotat - forslag til kommunal forskrift

tildeling av langtidsopphald i sjukeheim, vurderingsmoment og vurderingslister++

31. mars 2017

Stortinget har vedteke  lovendring om rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester. Regjeringa vil innføre nasjonale kriterier for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad. Inntil nasjonale kriterier er på plass er kommunane ved ovannemnte lovendring plikta til å utarbeide kommunal forskrift for tildeling av langtidsopphald, om ventelistar og oppfølging av personar som står på venteliste.

Nedanfor kan du lesa høyringsnotatet og utkast til forskrift:

Skjermbilde 2016-08-15 kl

OMBYGGING LOM HELSESENTER

Informasjon til pasientar og pårørande på Lom helseheim

21. oktober 2016

Grunna ombygging av Lom helsesenter, vil pasientar på Lom helseheim merke støy og uro i byggeperioden. Det vil bli mykje betongboring. Det er særleg pasientane i avdelingane over Lom helsesenter som vil merke dette. Byggeprosessen tek til i veke 43.

Det vil bli utfordringar i høve til parkering. 

Ein legg opp til tett dialog mellom pleie og omsorgsavdelinga og utførande entreprenørar. 

 

Helsing 

Oda Evy Øyen, Pleie- og omsorgssjef

Lom helseheim

800CROP600_8187 kopi

Informasjon gjeldande Rickshawsykkelen

12. mai 2016

Friviljuge som ynskjer å ta med bebuarar/brukarar i pleie- og omsorgssektoren ut på sykkeltur, ringjer 48 89 64 77 (vakttelefonen ved Lom helseheim) for å gjere avtale.

 

Skjermbilde 2016-04-27 kl

UTLYSING

27. april 2016

Familie med barn med funksjonshemming treng ein person/familie som kan ha barnet på besøk for å avlaste familien. Det er ynskjeleg med ein ettermiddag pr veke og ei helg pr. mnd. Har du høve til å ta på deg ei triveleg og meningsfull oppgåve, ta kontakt med pleie- og omsorg , Lom kommune v/ Ann-Mette Fjeld Hoft. Tlf 47 45 32 41