Framside»Planar»Aktuelt
Skjermbilde 2016-10-31 kl

Høyring av søknad om endring i manøvreringsreglement for Tesse

31. oktober 2016

Glommens og Laagens Brukseierforening (GLB)  søkjer om å endre dato for oppfylling av Tessemagasinet til kote 850,92 fra 1. juli til 10. juli. Bakgrunnen for søknaden er at GLB meiner dagens føresegner ikke er tilpassa tilsiget frå snøsmeltinga i nedbørfeltet. GLB meiner at ei forskyving av fyllingskravet med ti dagar vil vere betre tilpassa tilsiget og redusere produksjonstapet, utan å ha nemnande negative konsekvensar for natur og miljø. 

 

Det er NVE som har sendt søknaden på høyring, høyringsfrista er sett til 15.02.2017. Søknaden er  tilgjengelige på NVEs internettside: www.nve.no/konsesjoner. Utskrift av søknaden er tilgjengeleg på Servicetorget på kommunehuset. 

Reguleringsplan for Ulstad bustadområde

10. mars 2014

Kommunestyret i Lom, sak 16/2014 godkjente i møte 20.02.2014 reguleringsplan for Ulstad bustadområde. Jf. plan- og bygningslova § 12-12.

Høyring: Kommunedelplan avløp – Lom kommune

20. desember 2013

Lom kommune, Formannskapet vedtok 19.11.2013 å legge forslag til Kommunedelplan avløp ut på offentlig ettersyn. Høyringsfrist er 25. februar 2014.

Fagrapportar sikringstiltak mot skred i Ulstad bustadområde

19. september 2013

Prosjektside med alle fagrapportar ang. sikringstiltak mot skred i Ulstad bustadområde. Dokumenta er alle presentert i PDF-format, men vi gjer merksam om at nokre av filene er store grunna kart og teikningar.

Skisse av varmesentral

Nærvarmeanlegg på Loms vestside

24. juni 2013

Kommunestyret i Lom, sak 24/2013 godkjente i møte 20.06.2013 reguleringsplan for nærvarmeanlegg på Loms vestside. Jf. plan- og bygningslova § 12-12. Formålet med reguleringsplanen er å vurdere tomtealternativ og klargjere tomt for bygging og drift av varmesentral.

Biobrensel som varmekjelde

Oppstart av planarbeid for nærvarmeanlegg på Loms vestside

20. september 2012
Lom kommune har starta opp arbeid med reguleringsplan for nærvarmeanlegg på Loms vestside. Formålet med planarbeidet er å klargjere tomtealternativ for varmesentral og detaljregulere denne. Oppstart av planarbeidet varslast med annonse Fjuken 20.09.2012. Interesserte kan levere innspel til reguleringa, fristen er sett til 01.11.2012.
Biletet syner barnetrakk i Lom

Barnetrakk i Lom

18. juni 2012
Lom kommune har i vinter gjennomført barnetrakkregistreringar. Registreringane vart utført av 6. klasse på Loar skule og 9. klasse på Lom ungdomsskule. Barnetrakkegistreringane skal blant anna nyttast i samband med revidering av sentrumsplan.
Bildet syner kryss Meadalsvegen - Rv. 15.

Offentleg ettersyn av reguleringsplan for utbetring av kryss Rv. 15 - Meadalsvegen

30. mars 2012
Statens vegvesen har utarbeida forslag til reguleringsplan for Rv. 15: Kryssutbetring for Meadalsvegen ved Graffer i Lom kommune. Planen ligg ute på offentlig ettersyn i henhald til plan- og bygningslovens § 3-7 i seks veker. Høyringsfrist er 13. mai 2012.

Kartlegging av skredfare og konsekvensar for utviklinga i kommunane

20. januar 2012
Nye aktsemdskart for skred og auka fokus på ansvar for førebyggande tiltak stiller store krav til kommunar og utbyggjarar. Landsstyret i Utmarkskommunenes Sammenslutning — USS — vil kartleggje kva konsekvensar nye skred- og rasfarekart kan ha for nærings- og busettingsutviklinga i kommunane.