Framside/Tenester til deg/Næringsliv/Lom nasjonalparklandsby/Aktuelt
Lomseggen sumarstid - foto: Bjarte Rossehaug

Tiltaksplan og rapport for Lom nasjonalparklandsby i 2016

06. desember 2016

I vedlegga kan du sjå den vedtatte tiltaksplanen for Lom nasjonalparklandsby 2016. 
Vedlagt ligg også sluttrapporten frå 1. desember 2016, der du finn statusen for alle tiltaka.

Julemarknad i Presthaugen

Nytt til næringslivet, januar 2015

22. januar 2015

Her kjem årets fyrste nyheitsbrev.

Her kan du lese om dette:

1. Prisdryss over Lom
2. Vil du bli vår nye kollega?
3. NæringsNM og kommuneNM
4. Tilskot til kultur- og naturbasert næringsutvikling
5. Oppstart servicekurs for bygg, anlegg og handverk
6. Kurs i digital kompetanse, 12. februar
7. Gründertreff 5. februar
8. Møte med Innovasjon Norge på Dovre 28. januar
9. Nytt år, nye moglegheiter!
10: Julemarknad i Presthaugen
11. Kontaktinformasjon


 

Ladestasjon for elbil

Tilskotsordning for etablering av ladepunkt for elbil

26. september 2014

Elbilar er i vinden som aldri før, og det blir stadig viktigare å legge til rette for ein miljøvenleg infrastruktur.
Gjennom satsinga "Lom nasjonalparklandsby" kan verksemder no søkje om støtte til etablering av ladepunkt for elbil.
Det er mogleg å få eit tilskot på inntil kr. 10 000, avgrensa til 60 % av totalkostnaden. 
Her er det fyrstemann til mølla!

Fossbergom

Tiltaksplan og rapport for Lom nasjonalparklandsby 2014

08. september 2014

I vedlegga under kan du lese den nasjonale tiltaksplanen for 2014 (som er felles for dei fem nasjonalparklandsbyane i Noreg) og den lokale tiltaksplanen for Lom.
Her finn du også sluttrapporten for alle nasjonalparklandsbyane.

Det gode vertskap på Fossheim

Mange fornøgde Lomsvertar

25. juli 2014

Dette er tredje året at kurset «Bli ein Lomsvert» blir arrangert for tilsette i handel- og reiselivsnæringa i Lom. Årets utgåve var i regi av Lom nasjonalparklandsby og bedriftsnettverket rundt Klimaparken, og fekk mange gode attendemeldingar.

Foto: http://frkbilmerkes-reiseblogg.blogspot.no

Fotokonkurransa er ferdig - gratulere til Åsmund Galde!

04. september 2013

Denne sumaren har det vorte arrangert ei fotokonkurranse med temaet "Aktiv i Lom". No er vinnarane kåra, og vi gratulerer Åsmund Galde med fyrsteplassen!
Linn Mari Skjelkvåle Marsteintrædet fekk ein velfortent andreplass og Ove Nestvold stakk av med tredjeplassen.

Foto: http://frkbilmerkes-reiseblogg.blogspot.no

FOTOKONKURRANSE 2013 - VINN HELG PÅ VENABU!

09. juli 2013

Send inn dine beste blinkskot! Temaet for årets fotokonkurranse er «Aktiv i Lom» og fyrstepremie er ei flott fotohelg på Venabu Fjellhotell inkl. overnatting, mat og rettleiing av profesjonell fotograf. Vi ynskjer oss bilete av folk, leik og moro, natur og naturfenomen i Lom kommune. Frist er 31. august.

Portrett av Christen Smith

200 år med fjellturisme i Jotunheimen

10. juni 2013

I 2013 er det 200 år sidan botanikar Christen Smith la ut på ei reise som gav han tilnamnet «Jotunheimens oppdagar», og som kan oppfattast som starten for både fjellturismen og forsking i Jotunheimen. Dette må sjølvsagt markerast!