Alle små vassforsyningssystem skal registrerast

Innan 1. juli 2018 skal alle vassforsyningssystem vere registrerte hjå Mattilsynet. Dette gjeld også dei som er små, for eksempel ein brønn som forsyner to hus med drikkevatn. Meir informasjon, og lenke til registreringsskjemaet, finn du hjå mattilsynet.no.

Registreringa kan gjerast enkelt frå mobiltelefonen

Registreringa er gratis, og Mattilsynet har utvikla eit enkelt mobiltilpassa skjema til formålet. I skjemaet registrerer du vassforsyningssystemet si plassering ved å markere staden i eit kart, og det er berre nokre få tilleggsspørsmål som skal svarast på.


Mange fordelar med å registrere vassforsyningssystemet

Kommunen får tilgang til den registrerte informasjonen frå Mattilsynet. Når kommunen har oversikt over den geografiske plasseringa til dei ulike vassforsyningssystema, kan dei bruke denne informasjonen i sitt arbeid. Ei slik oversikt kan vere viktig når kommunen planlegg bruk av areala rundt brønnen og brønnområdet. Oversikta gjer det mogleg å vurdere omsyn til drikkevasskjeldene på eit tidleg tidspunkt.


Drikkevatnet skal vere trygt – også frå små vassforsyningssystem

I januar 2017 kom ei ny drikkevatnforskrift, som sette tydlegare krav til trygt drikkevatn også frå små vassforsyningssystem. Kravet om at alle vassforsyningssystem skal vere registrerte står i drikkevannsforskriften § 17. Ein presis definisjon av kva eit vassforsyningssystem er kan du lese i drikkevannsforskriften § 3, bokstav kInformasjon til dei minste vassforsyningssystema gjev nyttig informasjon som er spesielt tilsikta små vassforsyningssystem.
 
Har du spørsmål til registreringa? Ta kontakt med sentralbordet til Mattilsynet, tlf 22 40 00 00, og spør om å få snakke med di lokale avdeling.