Flom/høg vassføring I Lom 14. oktober 2018

Vassføringa i Bøvre er på veg ned, Lom har ikkje lenger krisestab.

 

LOM KOMMUNE HAR SETT KRISESTAB, DENNE ARTIKKELEN BLIR OPPDATERT FORTLØPANDE:

24.10: Alle vassverk i Lom kommune er no friskmeldt etter flaumen. Det er ikkje lenger behov for å koka vatn!

 

16.10 kl 09.00

LIABRUE ER OPEN ATT FOR FERDSEL!

 

15.10 kl 12.55

Vegen oppover Bøverdalen er open att for ferdsel!

15.10 kl 09.30

Droneforbodet i luftrommet over Lom og Skjåk er forlenga, og gjeld fram til annan beskjed blir gjeve. 

Status 15.10 kl 07.00

 

Kriseleiinga i kommunen har hatt eit møte kl 07.00 i dag:

  • Vassføringa i Bøvre har vore enorm i og i natt, men lågare temperatur og ingen nedbør gjer sitt til at vi no ser ein nedgang i vassføringa. 
  • Det blir teke vassprøver av vassverka våre så snart det er mogleg. Bustader tilknytt LEIRMO vassverk må framleis koka vatnet sitt. Dersom det er bustader med privat brunn, kan kommunen vera behjelpelege med å få tatt vassprøver av desse: Ta kontakt med teknisk vakt. 
  • Liabrua vil ikkje bli opna før vassføringa i Ottaelva går betrakteleg ned, antagentleg ikkje i dag.
  • Når det gjeld vegen opp mot Bøverdalen er det sannsynleg at denne blir opna att, forutsett at det ikkje er større skadar på vegen. 

Frå vegvesen.no: 

  • Fv 467 Lom prestegård - Flå bru, på strekningen Flå bru - Lom prestegård: STENGT
  • Fv 55 Flåklypa - Leirmoen, på strekningen Prestesteinsvatnet (Sogn og Fjordane grense) - Lom: STENGT

kl. 21.20 

 

kl. 19.40

Alle husstandar tilknytt LEIRMO VASSVERK blir oppmoda om å koka drikkevatnet sitt! Det vil bli teke vassprøver av alle vassverk i morgon tidleg.

 

kl 19:00

DRONEFORBOD I LOM OG SKJÅK: Grunna evakuering av innbyggjarar med helikopter, er det no innført forbod mot bruk av drone i luftrommet over Lom og Skjåk. Forbodet gjeld inntil vidare.

 

kr 18.00

Uendra situasjon i Lom kommune, med fleire stengde vegar. Kommunen vil fortsetja med krisestab utover kvelden/natta. 

 

kl 16.45

Situasjonen er uforandra. Vi tek gjerne i mot oppdateringar gjeldande stoda rundt om i kommunen! 

 

kl 14.40

Situasjonen er i skrivande stund uforandra.

Lom kommune tek i mot evakuerte frå Skjåk kommune etter behov. 

Frå vegvesen.no:

  • Fv 467 Lom prestegård - Flå bru, på strekningen Flå bru - Lom prestegård: STENGT
  • Fv 55 Flåklypa - Leirmoen, på strekningen Prestesteinsvatnet (Sogn og Fjordane grense) - Lom: STENGT
  • Fv 55 Sognefjellet i Oppland: STENGT

kl 13:30 

Politiet vil om kort tid skaffa eit overblikk over situasjonen i Lom kommune med helikopter. 

kl 12:15, frå vegvesen.no:

  • Fv 467 Solsidevegen mellom nr 89 og nr 579: Manuell dirigering
  • Fv 467 Lom prestegård - Flå bru, på strekningen Flå bru - Lom prestegård: STENGT
  • Fv 55 Sognefjellsvegen mellom nr 100 og nr 2645: Manuell dirigering
  • Fv 55 Flåklypa - Leirmoen, på strekningen Prestesteinsvatnet (Sogn og Fjordane grense) - Lom: STENGT

kl 11:10

  • Fv 467 Flå bru, på strekningen Flå bru - Lom prestegård: Stengt grunna flaum.
  • LIABRUA BLIR STENGT! 

 

kl 10:36, frå vegvesen.no:

  • Fv 467 Solsidevegen mellom nr 89 og nr 579, i Lom kommune: Manuell dirigering
  • Fv 467 Flå bru, på strekningen Flå bru - Lom prestegård: Redusert framkommelegheit
  • Fv 55 Sognefjellsvegen mellom nr 100 og nr 2645, i Lom kommune: Manuell dirigering
  • Fv 55 Flåklypa - Leirmoen, på strekningen Prestesteinsvatnet (Sogn og Fjordane grense) - Lom: STENGT

 

kl 08:58

Grunna høg vassføring er desse vegane stengt:

  • Fv 55 ved Kleive
  • Fv 467 er stengt ved Borgen
  • Vegen til Slåligrenda

 

Vi ber om at alle som har eigedelar i eller ved elva og sideelver om å ta vare på gjenstandane sine. Spesielt båtar og rundballar kan nemnast. 

Vi ber publikum melde frå om korleis elver og bekkar er rundt omkring i kommunen. Det kan gjerast ved å ringe politiet på 62539000 eller Lom kommune:

 

VEGVESENET SINE TRAFIKKMELDINGAR FINN DU HER

 

Lom kommune er tilgjengelege på fyljande nummer:

  • Teknisk vakt: 971 53 580
  • Informasjonskonsulent: 958 36 826

 

Dronefilm frå Lom sentrum kl 11.00 14. oktober 2018:

Kontakt

Teknisk Vakt
Feilmelding vatn og avlaup, Brøyting/strøing av veg
Mobil 971 53 580