Ledig stilling: Arealplanleggar

Møte med arkitektar og arealplanleggarar - Klikk for stort bilde

Lom kommune har ledig 100 % fast stilling som arealplanleggar. Stillinga inngår i eit breitt samansett fagmiljø som løyser varierte og utfordrande oppgåver. Det blir arbeidd for å etablere eit felles plankontor for Lom og Skjåk kommunar, stillinga vil da bli ein del av dette fellesskapet. Kommunane er med i eit godt utbygd regionalt geodatasamarbeid.

Arbeidsområde for stillinga er i første rekkje:

  • Arbeid med kommuneplanens arealdel og konsekvensutgreiing knytt til denne

  • Fagansvar for gjennomføring av kommunale planarbeid og sakshandsaming av innkomne reguleringsplaner 
  • Drift og utvikling av kommunenes digitale planregister 
  • Andre GIS- relaterte oppgåver
  • Aktiv deltaking i ulike plan-, stadutviklings- og samfunnsutviklingsprosjekt, både kommunale og i samarbeid med andre.

Andre forvaltningsoppgåver kan bli lagt til stillinga etter behov og kompetanse.

Kvalifikasjonar:

  • Minimum 3-årig høgskule/universitet innan samfunnsplanlegging, arealplanlegging eller naturforvaltning. Andre med planfagleg kompetanse og/eller god forvaltningskompetanse vil og kunne vurderast.
  • God kjennskap til plan- og bygningslova og prosessar brukt i planarbeid. 
  • Kunnskap og erfaring i relevante GIS-verkty. Kommunane nyttar i dag ISY WinMap.

Løn etter avtale, avhengig av utdanning og praksis. Kommunen legg vekt på fagkunnskap, kjennskap til PBL, GIS og offentleg forvaltning. Du bør ha gode samarbeidsevner og god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Administrasjonsmål er nynorsk. 

For nærare opplysningar om stillinga - kontakt plan- og miljøvernrådgjevar Sander Sælthun på tlf. 474 63 218 eller administrasjonssjef Ola Helstad på tlf. 971 61 865/ e-post: ola.helstad@lom.kommune.no

 

Namn på søkjarane vil bli gjort offentleg.

Elektronisk søknad finn de her

 

Søknadsfrist 25.06.2018

Kontakt

Sander Sælthun
Plan- og miljøvernrådgjevar
Mobil 474 63 218
Ola Helstad
Administrasjonssjef
Mobil 971 61 865