Ledige stillingar i pleie og omsorg: Vi ynskjer deg på laget!

Fast stilling som offentleg godkjend sjukepleiar og fleire faste stillingar som autorisert helsefagarbeidar er no ledige i Lom kommune 

Fast stilling som offentleg godkjend sjukepleiar

70 % sjukepleiarstilling ledig frå 15.03.2018 for tida i heimesjukepleia.

Arbeidstid etter gjeldande turnus dag/kveld/natt og 3.kvar helg. 

 

Vi ynskjer:

  • offentleg godkjend sjukepleiar/vernepleiar
  • vidareutdanning og/eller erfaring og interesse innan geriatri og aldersdemens
  • personar som er interessert i fag og fagutvikling, har gode samarbeidsevner, er fleksibel og omstillingsviljug og har godt humør.
  • Personar med datakunnskapar og interesse for velferdsteknologi
  • personleg eigna for stillinga

 

Vi tilbyr:

  • ein spennande og triveleg arbeidsplass med stort fag og brukarfokus, høve til fagleg oppdatering, kurs og tilrettelegging ved vidareutdanning. Vi deltek i læringsnettverk i pasienttryggleik. Vi har fagmøtetid avsett i turnus, 2 timar/6.veke. Vi nyttar Profil som dokumentasjonssystem.

 

Fast stilling som autorisert helsefagarbeidar 

  • 2 x 20% helsefagarbeidarstilling ledig frå d.d. – helgestillingar-  for tida i heimesjukepleia.
  • Arbeidstid etter gjeldande turnus dag/kveld/ 3. kvar helg. 
  • 1 x 20% helsefagarbeidarstilling ledig frå d.d. – helgestilling – for tida i heimesjukepleia
  • Arbeidstid etter gjeldande turnus dag/kveld/2. kvar helg

 

Vi ynskjer:

  • autorisert helsefagarbeidar
  • vidareutdanning og/eller erfaring og interesse innan geriatri og aldersdemens
  • personar som er interessert i fag og fagutvikling, har gode samarbeidsevner, er fleksibel og omstillingsviljug og har godt humør.

 

Vi tilbyr:

  • ein spennande og triveleg arbeidsplass med stort fag og brukarfokus, høve til fagleg oppdatering, kurs og tilrettelegging ved vidareutdanning. Vi deltek i læringsnettverk i pasienttryggleik. Vi har fagmøtetid avsett i turnus, 2 timar/6.veke. Vi nyttar Profil som dokumentasjonssystem.

 

Nærare informasjon om stillinga får du hjå leiar for heimesjukepleia, Torbjørg Graffer Myrhaug tlf. 474 60 296

 

Kommunale tilsetjingsvilkår.

Krav om politiattest.

 

Elektronisk søknad

Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg.

 

Søknadsfrist: 21.01.18

Kontakt

Torbjørg Graffer Myrhaug
Heimetenesta
Mobil 975 06 860