Lom og Skjåk barnevernteneste søkjer etter besøksheim

Besøksheim, som også kan kallast avlastningsheim, er eit friviljug hjelpetiltak og ei støtte til familiar med særleg tyngande omsorgsoppgåver.

Som besøksheim tek du imot eit eller fleire barn/ungdom ein eller fleire helger per månad, nokre treng og besøksheim i veka. Besøksheim, som også kan kallast avlastningsheim, er eit friviljug hjelpetiltak og ei støtte til familiar med særleg tyngande omsorgsoppgåver. Besøksheim skal vera ein trygg og triveleg stad der barna kan være ein del av det vanlege familielivet. Vi ønskjer å koma i kontakt med familiar som har erfaring med barn, og som har tid og overskot til å hjelpe nokon som treng det.

Slektningar kan og vere besøksheim.
Om du ønskjer å vere besøksheim eller vil høyre meir om kva det inneber. Ta kontakt med Lom og Skjåk barnevernteneste. Tlf. 910 08 072