Ny tilskotsordning til prioriterte kulturlandskapsområde

Miljødirektoratet har opna for ein ny tilskottsordning som m.a. omfattar gjerding i prioriterte kulturlandskapsområde. Bøverdalen er eit av bortimot 300 område i Norge som er registrert som eit slikt prioritert eller også omtalt som nasjonalt verdifullt kulturlandskapsområde.

Silke Hansen Tilskotsordninga skal medverke til god forvaltning av naturmangfaldet i prioriterte kulturlandskapsområde. Målgruppe for ordninga er grunneigar, privatpersoner, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkjande organisasjonar, kommunar og institusjonar.

Tiltak i prioriterte kulturlandskapsområder som kan få tilskot er:

  • • Skjøtsel eller restaurering
  • • Nedkjemping av framande artar
  • • Gjerding og tilpassa driftsform i jordbruket
  • • Utarbeiding av skjøtsels- eller tiltaksplan
  • • Nødvendig utstyr for å gjennomføre tiltak
  • • Informasjonstiltak

 

Tiltak som er forankra i ein skjøtsels- eller tiltaksplan vil bli prioriterte. Der det er mulig, bør tiltaka samfinansieras med tilskott til miljøtiltak i landbruket. Det kan vera aktuelt å starte med å søkje om tilskott for å lage ein skjøtsels- eller tiltaksplan, gjerne for fleire grunneigarar i lag t.d. for skjøtsel og gjerding av innmarksbeite som ligg innved einannen. Kommunen kan hjelpe m.a. deg som privatperson, fleire grunneigarar eller grunneigarlag og har også moglegheit for å søkje sjølv om midlar dersom det er ynskjeleg. Ta gjerne kontakt med landbrukskontoret dersom du/dykk er interessert.

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.

Søknadsfrist er 1. mars 2018.

Kontakt

Silke Hansen
Konsulent jordbruk
Mobil 905 75 253