OPPDATERT: Lom er på nett att! BROT PÅ FIBERKABEL MELLOM LALM OG OTTA

Det er brot på ein fiberkabel mellom Lalm og Otta, noko som fører til at mobil-og breibandet i Ottadalen er borte! Feilrettinga er i gang. 

Kl. 15:30: No kan det sjå ut til at Telenor/Relacom har fått til noko lenger nedover dalen: Mobilnett og breiband er på veg oppatt!

Kl. 12:27: Telenor melder at det vil bli strekt ein mellombels fiberkabel som skal spleisast på. Dette vil ta noko tid, då fiberkabelen skal strekkjast over eit lengre område. 

 

Brotet har vore kjent sidan seint i går kveld. men det har vore utfordrande ver slik at feilrettinga ikkje er i gang før no. 

Lom kommune er utstyrt med satelitttelefonar mellom anna i heimetenestene, slik at vi har "kontakt" med omverda om noko skulle skje.

Servicetorget på Midtgard er og utstyrt med nødnettsradio. 

KVA ER DET SOM HAR HENDT:

  • Fleire tre har velta over ledningsnettet mellom Otta og Lalm
  • Telenor har lokalisert kvar brotet er, og Relacom er på saka i skrivande stund
  • Relacom kan melda at dette kan ta heile dagen.

OPPDATERING I SAKA FINN DU HER: