Pub, pizza og personvern 7. juni

Har du høyrt om «GDPR-trollet»? Snart blir dei nye personvernreglane innført, og mange er spente på kva dette vil bety for si bedrift. . Derfor inviterer vi no til næringspub med utgangspunkt i dei tre P’ane: Pub, Pizza og Personvern, for å gi DEG ei innføring – primært i personvern. 

 

NHO Reiseliv og NHO Innlandet stiller med sin advokat Frode Berntsen, slik at du kan få hjelp til å handtere regelverket på ein god måte. Det blir fokus på små- og mellomstore bedrifter som driv med kundekontakt, uavhengig av bransje.

Dette blir det siste arrangementet for næringslivet før sumarferien, så bruk sjansen til å treffe folk og lære noko nytt samtidig. Etter innlegget frå NHO blir det tid til å prate om laust og fast i ei uformell setting.

Næringspuben blir arrangert av NHO Reiseliv, NHO Innlandet, Lom kommune, Vågå kommune og Visit Jotunheimen. Nordalsfjoset Pub stiller med trivelege lokale og sin fantastiske pizza. Det blir mogleg å kjøpe seg drikke i baren etter eige ynskje.

Praktisk info: 

Stad: Nordalsfjordet Pub
Dato: 7. juni 
Tidspunkt: 19.00
Gratis deltaking, men hugs påmelding innan den 5. juni 2018 via denne lenka
Legg merke til at arrangementet kan bli avlyst dersom det blir for få påmeldte, så meld deg gjerne på i god tid.