Rot i faktureringssystemet:

Illustrasjon av ei makuleringsmaskin - Klikk for stort bilde

Faktura frå kommunen som vart sendt ut den 09. mai 2018 kjem dobbelt opp. Dersom du får to heilt like fakturaer, så sjå bort frå den eine!

Til deg som har e-faktura: dersom du har fått to like som har lagt seg i din nettbank, så slettar/avviser du den eine.

Til deg som har avtalegiro: for kundar med avtalegiro skal alt vera som normalt, men du vil sannsynlegvis  ikkje få tilsendt varsel i posten.

Årsaka til rotet er ei oppdatering i faktureringssystema våre, vi orsakar så mykje!

Kontakt

Trude Slettom
Økonomisekretær
Mobil 481 65 536