Skredvoll ved Ulstad boligfelt

NVE vil med dette informere om oppstart av anleggsarbeid ved Ulstad, Lom. NVE sikrar Ulstad bustadfelt mot skred i samarbeid med Lom kommune.

Arbeida med å bygge ein skredvoll i lia ovanfor Ulstad boligfelt startar i veke 37. Det vil også bli lagt overvasssrøyr i vestre ende av vollen ned til elva Bøvre.  

Det vil bli anleggstrafikk i og til/frå Ulstad boligfelt. Det vil bli aller mest trafikk i nedre del av Nedre Ulstadveg, frå Rv 15 og til riggplassen, som  skal etablerast på jordet aust for Øvre Ulstadveg.

I anleggsperioden vil det ikkje vere mogleg å nytte seg av stiane som kryssar anleggsområdet og riggområdet. Lom kommune skiltar alternativ rute. 

I periodar vil det bli utført støyande arbeid som sprengningsarbeid og knusing av massar.  

Entreprenør Erling Rolstad AS skal utføre arbeida. Det er planlagt at anlegget skal avsluttast i jan/feb 2019. Finpuss innan juli 2019.

Ved spørsmål kontakt:  Christian Lillemork ved NVE, Region øst, Hamar.

Tlf: 91684491

E-post: cli@nve.no 

 

 

Med helsing

Noregs vassdrags – og energidirektorat