Skulestart og trafikktryggleik

Vegetasjon som hindrar sikten kan føre til farlige situasjonar i trafikken. 

Folk som bor langs trafikkerte veier må klippe hekker og busker på eigedomane sine – av omsyn til eigen og andre sin tryggleik.

Høge, tette hekker ved avkjørsler eller store greiner som heng ut i vegkryss gjør det svært uoversiktlig for både bilistar, syklistar og gåande.

Å sørgje for fri sikt langs vegane er så viktig at ansvarsforholda er nedfelt i veglova. Det er du som bor langs vegen som er ansvarleg for å klippe hekk og busker på eigedomen din slik at det er god sikt ved vegkryss og ved avkjørselen, seier Tofthagen, leiar Trygg Trafikk, Oppland.