Søk om tilskot til fisk, vilt og friluftsliv - Tessefondet

Det er oppretta eit fond som følgje av Tessereguleringa. Vedtekter for bruk av fondet vart nyleg vedtatt, og dermed er det mogleg å søkje om tilskot i 2018.

Fondet skal nyttast til tiltak som kjem inn under området «fisk, vilt og friluftsliv». Vilkåret er at tiltaka kjem allmennheita til gode. Midlane skal fortrinnsvis nyttast til investeringar og til arrangement/ aktivitetar som stimulerer til auka interesse og kunnskap om fisk, vilt og friluftsliv. I særskilte tilfelle kan midlar frå fondet nyttast til driftstiltak.


Tiltak i vassdragsavsnitta som er direkte påverka av Tessereguleringa og nærliggande område innanfor Garmo sokn skal prioriterast.

Du kan lese vedtektene for fondet her:

 

Søknadsfristen er 1. mars 2018, og søknadar kan sendast til post@lom.kommune.no
Kontakt Sander Sælthun på sander.saelthun@lom.kommune.no / 47463218 dersom du har spørsmål.

Kontakt

Sander Sælthun
Plan- og miljøvernrådgjevar
Mobil 474 63 218