Søknadsskjemaet til kulturskulen friskmeldt!

Søknadsskjemaet til kulturskulen har vore ute av funksjon ei tid. No er nytt skjema oppe og går. Søknader som er sende før 26.april kl. 10 er ikkje registrerte.

Frå kl. 10 i dag, torsdag 26.april, er det elektroniske skjemaet for søknad om plass i kulturskulen fornya og OK.
Har du brukt søknadsskjemaet som låg ute tidlegare, har ikkje søknaden blitt registrert hjå oss.
Søk difor på nytt for å vera sikker.

Frå no av skal alt vera på stell. Skjemaet finn du på Lom kommune si nettside.


Vi minner om at tilboda i kulturskulen no gjeld for alle elevar i både Lom og Skjåk.
For tilbod i Skjåk går du på Skjåk kommune si nettside.

Søknadsfristen er like rundt hjørna: 1.mai!

SØKNADSSKJEMA FINN DE HER