Stønad til kulturaktivitetar med tilknyting til Gudbrandsdalen

Stiftinga G-Kultur har søknadsfrist 1. februar for stønad til kulturaktivitetar og kulturverksemd med tilknyting til Gudbrandsdalen. Retningslinjer og søknadsskjema finn ein på nettsida til G-Kultur, www.g-kultur.no. Søknader blir behandla på styremøtet i G-Kultur 15. februar.

Stiftina G-KULTUR logo - Klikk for stort bilde

1. februar er einaste søknadsfristen hos G-Kultur både i 2018 og 2019.

 

Da var laget godt å ha

Den samla historia om Gudbrandsdalslaget i Oslo (1920-2013). Da var laget godt å ha, vart lansert i april 2017, og kan tingast ved å sende ei melding på lenka «Kontakt oss» på Stiftinga G-Kultur si nettside. Der finn ein også oversikt over bokhandlar og butikkar der boka kan kjøpast eller tingast. Boka kostar 200 kr., evt, porto med 100 kr. kjem i tillegg.

Kontakt for meir informasjon:

  • Knut Hovslien, styreleiar  knut.hovslien@online.no, 971 95 148
  • Kjell Austin, sekretær kaustin@online.no, 415 09 460
  • Lars Ole Ørjasæter, kasserar lars.ole.orjaseter@getmail.no, 908 59 406

 

Stiftinga G-Kultur

 

Stiftinga G-Kultur forvaltar midlane etter Gudbrandsdalslaget i Oslo som vart nedlagt i 2013,
og har som formål å gje økonomisk stønad til kulturaktivitetar og kulturverksemd med tilknyting til Gudbrandsdalen. Stønad blir gjeve både til amatørar og profesjonelle innan skapande og utøvande verksemd. Det blir teke ekstra omsyn til prosjekt og tiltak som har barn og unge som utøvarar og/eller målgrupper.

Stiftinga G-Kultur vil bli avvikla i 2020, 100 år etter at Gudbrandsdalslaget i Oslo vart oppretta.