Tørke og grovfôrsituasjonen

Ordførar inviterar saman med landbrukskontoret og faglaga til informasjon og dugnadsmøte med gardbrukarane tysdag 31.07 kl 10.00 på kommunestyresalen. Norsk Landbruksrådgjeving, Eidefoss og Banken vil også vere tilstade. Formålet med møte vert å informere om dei ulike støtte og tiltaksordningane. I tillegg ynskjer vi å sette fokus på kva vi saman i god gammaldags dugnadsånd kan gjera for å få produsert og berga mest mogleg grovfor. Håpar så mange som råd tek seg tid til å koma, sjølv om det er travelt både med vatning og slått.

Pressemelding i Fjuken