Vedteken reguleringsplan for Murgarden

Lom kommunestyre gjorde i sak 6/2018 vedtak om godkjenning av privat detaljreguleringsplan for Murgarden. Planen opnar for bustader i 2. etasje på næringsbygget.

Plandokumenta kan du lese her, i tillegg er dei lagt ut på Lom kommune sitt servicetorg og på Lom folkebibliotek. 

Kommunestyret sitt vedtak om reguleringsplan kan påklagast til Fylkesmannen. Eventuell klage skal sendast Lom kommune innan 3 veker etter kunngjeringa.

Kontakt

Sander Sælthun
Plan- og miljøvernrådgjevar
Mobil 474 63 218