Viktig info om legekontora og helsestasjonane i Lom og Skjåk

Det skal innførast nytt pasientjournalsystem på alle legekontor og helsestasjonar i kommunane i Nord-Gudbrandsdal. Dette medfører reduserte opningstider i ei overgangsfase: 

Illustrerande bilete "røde kors" - Klikk for stort bilde Nytt pasientjournalsystem

Det skal innførast nytt pasientjournalsystem på alle legekontor og helsestasjonar i kommunane i Nord-Gudbrandsdal.
I Lom skal dette skje i løpet av veke 9/2018 (altså i tidsrommet 26.02 – 02.03.2018) og i Skjåk veke 10/2018 (altså i tidsrommet 05.03 – 09.03.2018).

  • Lom: På grunn av opplæring vil legekontoret og helsestasjonen i Lom vera stengt tysdag 27. og onsdag 28. februar.
  • Skjåk: På grunn av opplæring vil legekontoret og helsestasjonen i Skjåk vera stengt tysdag 6. og onsdag 7. mars.

Viktig

Ved behov for rask legehjelp i Lom i veke 9 (27. og 28.februar), kan Skjåk legekontor kontaktast – tlf: 61217100. 
Ved behov for rask legehjelp i Skjåk i veke 10 (6. og 7. mars),  kan Lom legekontor kontaktast – tlf: 61217200.

I tida etter gjennomført opplæring må innbyggjarane vera førebudd på at det kan bli noko redusert drift/ventetid.
Det er fint om bestilling av reseptar på fast medisin blir gjort i god tid før veke 9/2018 i Lom og veke 10/2018 i Skjåk.

Kontakt

Bjørn Bakke
Kommunalsjef helse og velferd
Mobil 909 47 300

Opningstider

Opningstid skranke:

08.00 - 11.30 12.00 - 15.30

Telefontid for resepsjonen:

08.00 - 11.30 (måndagar frå kl 09.00)

12.30 - 15.00

 

Telefon dagtid: 61 21 72 00
Telefon legevakt: 116 117

Bestill time/resept her på nett!