Vil du jobbe med næringsutvikling i ein gjestfri og nyskapande kommune?

Rundkjøringa på Bergom i mai - Klikk for stort bilde

Lom kommune søkjer etter vikar for næringssjefen og landsbykoordinatoren i inntil 100 % stilling fram til 31.12.2019. Vi er òg interessert i å få tilbod frå næringsdrivande som kan tilby deltenester innan nemnde område.

Sentrale oppgåver er rådgjeving til etablerarar / bedrifter, informasjonsarbeid, saksbehandling og oppfølging av arbeidsoppgåver for å stimulere til auka sysselsetting og verdiskaping i næringslivet i Lom.
I stillinga ligg au oppfølging av fleire pågåande prosjekt, inklusiv oppfølging av Lom som nasjonalparklandsby- og kommune, forenkling av utmarksforvaltning, infrastrukturtiltak i Lom sentrum, regionalt tilflyttingsprosjekt og breibandsprosjekt i kommunen.  
 

Oppstart snarast. Stillinga er knytt til tenesteområdet Miljø/Teknisk/Næring, og vi kan tilby ein triveleg arbeidsplass med eit breitt og godt fagmiljø i ein kommune med fleire spanande prosjekt. Vi ynskjer søkjarar med relevant utdanning frå universitet/høgskule, m.a. innanfor innovasjon- og utviklingsarbeid, reiseliv, marknadsføring og bedriftsøkonomi.

Søkjarar utan formell kompetanse men med bakgrunn frå næringslivet kan òg vera aktuelle. Vi ønskjer ein serviceorientert person med gode samarbeidsevner og som er sjølvstendig, initiativrik og løysingsorientert. Kjennskap om Lom og lokalt næringslivet er ein stor fordel. Administrasjonsmål er nynorsk.

Ved tilbod frå næringsdrivande vil vi be om at det i tillegg til timespris og vilkår elles blir oppgjeve referansar for tilsvarande arbeid. Ta gjerne kontakt snarleg ved interesse, slik at kommunen kan sikre at alle får lik tilgang til informasjon. 

Nærare opplysningar ved administrasjonssjef Ola Helstad, ola.helstad@lom.kommune.no

Namn på søkjarane vil bli gjort offentleg.

Elektronisk søknad finn de her.

Med atterhald om endeleg budsjettvedtak.

Søknadsfrist 26. november 2018

Kontakt

Ola Helstad
Administrasjonssjef
Mobil 971 61 865