Alt er som før på prisløna bakeri

Morten Schakenda ved Bakeriet i Lom vann den nasjonale Bygdeutviklingsprisen

Ein stolt prisvinnar frå Lom
Morten vann først Bygdeutviklingsprisen i Oppland, der var prisen ein sum på 50 000 kroner. Han skal stenge bakeriet et par dagar og ta med seg personalet på ei reise. Og denne veka vann han til og med den nasjonale Bygdeutviklingsprisen der premien var på 200 000 kroner.
- Vi som tilsette merkar ingen forskjell etter at han har vunne desse prisane, seier Rosmari Kirkeby i det ho er oppteken med arbeidet. Morten blir kanskje litt meir opptatt med telefonar og intervju framover, men han står på som før for å drive bakeriet.

På tur for prispengane

- Det er personalet som bestemmer kvar vi skal reise, men om det ikkje kjem forslag frå dei så bestemmer eg. Eg tykkjer det er best å reise i Norden, men det kjem litt an på kva dei vil ha ut av turen. Kanskje Stockholm eller Gøteborg kan vera fornuftig, seier ein stolt Morten Schakenda. Prispengane for den nasjonale prisen skal gå til noko fornuftig. Eg tenkjer kanskje på oppdatering av heimesider, gratiskonsertar for bygda, reiser, noko ekstraordinært, men det er ikkje noko stress med å bruke dei opp, seier Schakenda.
Godt utval av gode bakerivarer på Bakeriet i Lom
Godt utval av gode bakerivarer på Bakeriet i Lom

Tøff jobb

Når ein er bakar ved bakeriet i Lom begynner ein klokka 12 om kvelden og jobbar til brøda er sendt ut om morgonen. Servitørane startar 5 og 8 til 11 om morgonen. Bakeriet i Lom sender ut brød til butikkane i Skjåk, Lom, Vågå og Sel.

Prisutdeling ved Folketeateret

Sjølve prisutdelinga var ein stor fest. Det var 1200 gjestar og eit veldig proft opplegg. Det var Ingrid Bjørnov som leda utdelinga, og det var mange kjente musikarar der. Det var 19 fylkesvinnarar som konkurrerte, men dei var berre 3 når dei møttes i Oslo på premieutdeling.

Juryen si grunngjeving

"- Bakeriet i Lom har klart kunsten å forene matkultur med god forretningsdrift. På få år har bakeriet fått et namn som er kjent langt utenfor bygdas grenser.

Vinneren av den nasjonale Bygdeutviklingsprisen blir hvert år plukka ut blant 19 fylkesvinnere. I finalen konkurrerte Bakeriet i Lom med Jostedal Hotel AS i Sogn og Fjordane og Steinstø Gard og Steinstø kakebu i Hordaland."