thumbs-up-1006176_1280

Lom kommune som barnehagemyndigheit har hatt tilsyn:

Alt på stell!

Fylkesmannen gjennomførte i september tilsyn med Lom kommune som barnehagemyndigheit. Kommunen har nå motteke endeleg 

tilsynsrapport som konkluderer med at det ikkje er avdekt regelbrot. I rapporten får kommunen mykje positiv omtale for  måten rolla som barnehagemyndigheit er utøvd på. Heile rapporten finn du her.

I samsvar

Det er viktig å understreke at tilsynet ikkje var ein kvalitetskontroll, men ein lovlegheitskontroll.  Enkelt  sagt er det slik at fylkesmannen kontrollerer kommunen, og kommunen  kontrollerer barnehagane. I dette tilsynet kontrollerte fylkesmannen at kommunen har godt nok system for å godkjenne og føre tilsyn med Loar og Garmo barnehage.  I tillegg  undersøkte dei om  saksbehandling er i samsvar med forvaltningslova.  

Set pris på rettleiinga

Målet med slike tilsyn er ikkje fyrst og fremst å avdekke lovbrot, men å styrke kommunen som barnehagemyndigheit.  Derfor er rettleiing  ein viktig del av tilsynet. Rettleiing frå fylkesmannen er noko Lom kommune set stor pris på,  det er med og sikrar  at krav i lover og forskrifter blir oppfylte, både ved tilsyn og elles.   

Tips ein ven Skriv ut