Amal Aden

Amal Aden

Amal Aden til Lom

Forfattaren og foredragshaldaren Amal Aden kjem til Lom tysdag 10. desember. I høve EU-prosjektet The Stranger har vi invitert Amal Aden til å halde foredrag med tittelen Biblioteket som fristad på Lom ungdomsskule kl. 19.30. Ho vil setja søkeljos på biblioteket som møteplass og inkluderingsarena, og dele eigne og andre sine erfaringar frå livet som innvandrar og somalisk kvinne i Norge.

Inngang: 100 kroner
Arrangørar: Lom folkebibliotek i samarbeid med Vaksenopplæringa i Lom, Skjåk og Vågå og Lom friviljugsentral.

Amal Aden er fødd i Somalia i 1983. Ho levde i fleire år som gatebarn i heimlandet. Da ho kom til Norge i 1996, møtte ho også store utfordringar på grunn av ein heilt annan kulturell bakgrunn og offentlege instansar som ikkje greidde å hjelpe. Amal Aden (pseudonym) har skrive bøkene «Se oss. Bekymringsmelding fra en ung norsksomalisk kvinne» (2008), "ABC i integrering - 111 gode råd om hvordan alle kan bli fullverdige borgere i det norske samfunnet" (2009), "Min drøm om frihet" (2009) , "Det skal merkes at de gråter - Om likestilling blant somaliere i Norge" (2011) og "Om håpet glipper, er alt tapt. Homofile flyktninger" (2012). Ho fekk i 2010 Zola-prisen for arbeidet sitt med norsk innvandrings- og integreringspolitikk.
 

Tips ein ven Skriv ut