Lom har flotte område for friluftsliv. Foto: Johan Wildhagen / Palookaville

Lom har flotte område for friluftsliv. Foto: Johan Wildhagen / Palookaville

Jobb i Lom

Kommunen er den største arbeidsgjevaren i Lom, medan jord- og skogbruk er den største enkeltnæringa. Like eins er turisme og reiselivsnæringa ein viktig økonomisk berebjelke som gjev arbeid til mange. Her er utviklingspotensialet stort, både for dei som driv i bransjen i dag og for dei som som ynskjer å etablera seg med eiga verksemd.

Småindustri, handverk og husflidtradisjonar representerer kunnskap og kompetanse som kan vera grunnlag for etablering av nye verksemder. I det heile teke er det stort rom for å skapa nye arbeidsplassar i Lom, og mange har gjort det. Men her er det plass til fleire nye etablerarar som vil gje impulsar i arbeidet vårt med å vidareutvikle det aktive og differensierte næringslivet i Lom.

Tips ein ven Skriv ut