Arbeidslivsfag for 8. klasse frå hausten 2012

8. klasse ved Lom ungdomsskule vil kunne velje arbeidsliv som alternativ til framandspråk og norsk-engelsk fordjuping.Faget har tre timar pr.veke.

Ein meir praktisk ungdomsskule

Arbeidslivsfaget vil vere eit godt alternativ til språk. Faget skal byggje på programfag i vidaregåande, men tilpassa ungdomsskulen. Faget vil gå over tre timar med to timar på slutten av dagen og ein time etter skuleslutt.

Førebels faginnhald

Elevane vil frå hausten 2012 ha desse faga: Handverk og byggfag, mat og restaurantfag, data og naturbruk.