Arbeidssenteret - Eggjalia

Eggjalia arbeidssenter utfører oppdrag for offentlege og private verksemder og legg til rette for at arbeidet kan utførast av personar med alle typer funksjonshemmingar. Vi driv med produksjon og pakking/embalering. Vi legg stor vekt på trivsel, sosialt samvær og eigenutvikling. Alle er velkomne til å besøkje oss og sjå på produkta våre.

Eksempel på produkt frå oss

Kort og bordkort til alle slags høve. Treprodukt som dukkevogner/senger, krakkar, hyller, trådsnellehaldar og blomsterbord. Vevde filleryer og løparar. Forkle til barn og vaksne, gryteklutar, ammeputer og sengesett til baby. Gardinsaum. Vi kan tilby sal av billeg ved til eldre og uføre. Vi køyrer også ut ved til kvar enkelt for ein rimeleg penge.

Nye oppdrag

Vi treng varierte arbeidsoppgåver og er glad for både små og større oppdrag. Ta kontakt om du har eit oppdrag vi kan hjelpe deg med.

  • Målgruppe for tenesta

    • Vaksne personar med funksjonshemming.
  • Slik får du tenesta

    • Søknad til Pleie og omsorg, Krokamyrvegen 18, 2686 Lom.
  • Kontakt

    • Aktivitør Kari Nordsletten, telefon 61 21 17 95.
    • Leiar miljøarbeidtenesta Ann-Mette Hoft, telefon 47 45 32 41.
  • Kontakt e-post

    • /
  • Lovgrunnlag

    • Er ikkje heimla i lov, men kommunen er plikta å tilby brukarar av tenester tiltak som vil bidra til ein mest mogleg og meiningsfull tilvære i fellesskap med andre. Jfr. Kvalitetsforskrifta § 3, 2. ledd pkt 4 og 16.

Sjølvbetening

Eggjalia arbeidssenter

2686 Lom
Telefon: 61 21 17 95

post@lom.kommune.no

 

GPS-koordinatar:
61.84093810323008,
8.556128740310669