2011-09-29
Lom kommune har starta opp arbeid med reguleringsplan for Lom omsorgsbustader på Kulihaugen. Formålet med planarbeidet er å klargjere tomta for bygging. Oppstart av planarbeidet er varsla med annonse Fjuken 29.09.2011. Interesserte kan levere innspel til reguleringa, fristen er sett til 10.11.2011.
Kom med innspel, frist 14. april 2011
2011-03-03
I formannskapet 3.2.2011 vart det gjort vedtak om iverksetting av detaljprosjekt for fleirbrukshus i Lom. Før bygging av fleirbrukshus er det naudsynt og gjere eit reguleringsplanarbeid, der det vil bli arbeidd med løysingar for sikker tilkomst for gåande, syklande og køyrande, parkering, o.a. infrastrukturtiltak, og for å sikre god visuell tilpassing i området.
Frist for å kome med innspel til reguleringa er sett til 14.04.2011.
2011-02-08
Statens vegvesen - Nasjonale turistvegar - har i samarbeid med Sognefjellshytta AS starta opp arbeid med reguleringsplan for Sognefjellshytta. Formålet med planarbeidet er å legge til rette for utvikling av Sognefjellshytta med mellom anna eit nytt informasjons- og servicebygg for turistvegen, og ny tenestebustad for Sognefjellshytta.