Framside/Tenester til deg/Kultur og fritid/Arenaer
Tradisjonsrikt bondebryllaup med 8.kl. i hovudrollene.

Tradisjonsrikt bondebryllaup med 8.kl. i hovudrollene.

Arenaer

Lom har mange ulike arenaer for kulturtiltak, aktivitetar og møte mellom menneske.
Her er nokre av dei.

Bøverdalen samfunnhus

Bøverdalen samfunnhus ligg på Galdesand der Galhøpiggvegen startar. Huset har m.a. samlingssal, kafe og vandrarheim. Huset var opphavleg bygt som meieri.

Garmo bygdahus
Garmo bygdahus

Garmo bygdahus

Garmo bygdahus ligg ved riksvegen like vest for Garmo sentrum. Huset har vore påkosta og utvida i seinare tid. Huset har m.a. samlingssal og moderne kjøken.

Garmo idrettsplass

Garmo idrettsplass ligg strategisk i byggjefeltet Frisvoldskogen og nær skulen. Idrettplassen har grasbane med løpebane rundt.

Garmo kyrkje
Garmo kyrkje

Garmo kyrkje

Garmo kyrkje ligg på eit høgdedrag midt i Garmo. Kyrkja er ei langskipskyrkje i tre. Kyrkja har god akkustikk og er m.a. brukt til konsertar og innspelingar, i tillegg til kyrkjelege handlingar.

Grov stadion

Grov stadion er idrettsanlegget i Lom sentrum. Anlegget ligg ved elva på nordsida av sentrum, like nedanfor samfunnshuset. Anlegget inneheld fleire grusbanar og ei nokså ny kunstgrasbane med flaumljos. Lom idrettslag har klubbhus i Grov. Sjå elles nettsida

www.lom-idrett.no

Kvåle kulturgard
Kvåle kulturgard

Kvåle kulturgard

Kvåle kulturgard er ein gamal tradisjonsgard mellom riksvegen og elva om lag 3 km aust for Lom sentrum. Her har Jotunheimen underhaldning med frilansskodespelar Endre Skjåk i spissen base. Staden byr på allsidige kulturhendingar og utstillingar og er også open for private lag. Sjå elles nettsida

www.teater-skjaak.no

Kyrkjelydshuset

Kyrkjelydshuset ligg i Lom sentrum like ved Norsk Fjellmuseum. Huset har m.a. samlingssal og bustader. Opphavleg var huset bygt som bank.

Leirmoen idrettsplass

Leirmoen idrettsplass ligg på Leirmoen i Bøverdalen og er ei lita grusbane. Bana har høge ballfangargjerde rundt og er av nyare dato.

Liaskulen kulturmøteplass

Liaskulen kulturmøteplass ligg i den nedlagde Lia skule, som i dag er i privat eige. Kulturmøteplassen hyser i fyrste rekkje intimkonsertar av høg kvalitet med ditto servering v. vertskapet Schakenda.

Lidarende grendahus

Lidarende grendahus er eit intimt samlingslokale med nokre år på baken. Kjøkenet er nyopprusta og tilfredsstiller krava i dag. Huset er samlingspunkt for liagrenda. Før Lia skule vart lagt ned var huset også kroppsøvingssal for skulen.

Bondebryllaup i Presthaugen 2009
Bondebryllaup i Presthaugen 2009

Lom Bygdamuseum

Lom Bygdamuseum ligg i friområdet Presthaugen midt i Lom sentrum, like bak fjellmuseet og Kyrkjelydshuset. Særleg gardstunet og våningshuset Glømsdalsstugu er brukt ein del til samlingar og tilstellingar, særleg sommarstid, men også om vinteren. Lom kommune eig museet, men det er Gudbrandsdalsmusea AS som driv Lom Bygdamuseum. Sjå nettsida deira

www.gudbrandsdalsmusea.no

Lom folkebibliotek
Lom folkebibliotek

Lom folkebibliotek

Lom folkebibliotek ligg i den gamle prestegarden like ved Lomskyrkja. Biblioteket er moderne og godt tilgjengeleg. Frå tid til anna er det ymse kulturaktivitetar i biblioteket. Lom Friviljugsentral. Lom Friviljugsentral ligg i kjellaren på den gamle prestegarden like ved kyrkja, i same huset som både biblioteket, Loarutsalet husflid og administrasjonen til den vidaregåande skulen.

Lomskyrkja haust
Lomskyrkja haust

Lom stavkyrkje

Lom stavkyrkje ligg godt synleg i Lom sentrum. Kyrkja er 850 år gamal. Eit så spesielt bygg med ei så lang historie representerer ein kulturskatt og ein arena med ein heilt eigen atmosfære. Utanom kyrkjelege handlingar er kyrkja brukt til ein del konsertar o.a. Kyrkja er svært mykje besøkt av turistar. Det er organisert omvisarteneste på ulike språk. Lom samfunnshus ligg i utkanten av Lom sentrum, sentralt plassert mellom Grov stadion og Lomskyrkja. Huset er det største samfunnshuset i bygda. I det snart 50 år gamle huset er det m.a. stor sal med scene, mindre sal i tilknyting, gamalt kjøken, symjebasseng og garderobeanlegg

Lom ungdomsskule

Lom ungdomsskule ligg ved riksvegen midt i Lom sentrum, like ved kyrkja, biblioteket og samfunnshuset. Skulen har nyleg vore påbygd og oppgradert. I dag inneheld ungdomsskulen m.a. amfisal til ca. 100 personar og romsleg elevkantine med moderne kjøken.

Vinter i Lom
Vinter i Lom

Midtgard

Midtgard ligg midt i Lom sentrum og er kommunehuset i Lom. Også banken held til i bygget. Utanom offentlege kontor og sørvistorg har Midtgard m.a. møterom og kommunestyresal.

Norsk Fjellmuseum

Norsk Fjellmuseum ligg midt i Lom sentrum mellom elva Bøvra og Kyrkjelydshuset. Fjellmuseet inneheld m.a. amfisal til 80-90 personar der m.a. Bygdekinoen har framsyningar annakvar veke. Utanom utstillingar og kontor har fjellmuseet lokale som eignar seg til mindre samkomer og intimkonsertar. Lokalet inneheld flygel og har svært god akkustikk. Sjå nettsida deira

www.fjell.museum.no

Presthaugen stemneplass
Presthaugen stemneplass

Presthaugen

Presthaugen er eit naturområde midt i Lom sentrum, like bak fjellmuseet og Kyrkjelydshuset, like ved Loar barnehage og Ungdomshuset. Presthaugen har m.a. ein stor og stasleg utescene for større konsertar og program. Sena har garderobar og lagerrom, og det er bygd ei lydbu i publikumsområdet. Det er sitjeplass til nær 400 menneske, i tillegg til god plass rundt omkring. Det er sanitæranlegg og kiosk i tilknyting til anlegget. Elles er heile Presthaugen ein innbydande arena for ulike aktivitetar, eller rett og slett som friområde. Det er oppmura ein større grill på eit platå like ved. Nyklar til grillen får ein låne i Lom servicetorg, Midtgard.

2000x2000Steinfjoset_999x669

Steinfjoset

Steinfjoset er Loar skule sin kroppsøvingssal. Salen har scene, men er ikkje særleg stor. Huset er av eldre dato. Garderobeanlegget i kjellaren er gammalt og slite. Før bygget vart kroppsøvingssal, var det � � som namnet tilseier � � fjøs på Lom prestegard.

Stubbom grendahus

Stubbom grendahus ligg på solsidai Bøverdalen om lag 5 km vest for Lom sentrum. Huset er eit intimt lokale som eignar seg til ymse lag og samlingar.

5822015_3228511

Utgard

Utgard er storstova i Lom. Saman med idrettsanlegget i Grov utgjer samfunnshuset den største samlingsplassen for kultur- og idrettsarrangement i Lom. Det tidlegare samfunnshuset er bygt om og bygt på i to retningar. Komplekset inneheld no kulturstugu med sal og sene, idrettshall (kan delast i 3 mindre gym.salar), kjøken, kantine, møterom, trimrom, symjehall, garderobar og skulelokale for vidaregåande skule.

Bakeriet i Lom
Bakeriet i Lom

Andre arenaer

I tillegg til dei som er nemnde over, er det mange andre arenaer i Lom kommune. Nemnast her kan alle dei talrike hotella og serveringsstadene i turistbygda Lom, som har ulike møteplassar å tilby. Vidare kan nemnast skiløyper, aktivitetsløyper og klatrepark som arenaer. Brukar ein fantasien kan heile Lom kommune brukast som arena i ulike samanhengar, anten der er fjell, vatn og elv, veg og hus eller skog og li. Lom har det meste.

Tips ein ven Skriv ut