2010-04-14
Laurdag 17. april kl 12 - 15 vert det open dag på det nye senteret i Otta.
- Omvisning og informasjon for alle interesserte
- Kort presentasjon i auditoriet kl. 12:30, 13:30 og 14:30
- Enkel servering ved Otta sanitetsforening
Hovudinngangen til DMS er open for alle interesserte
2010-01-26
For deg som enda ikkje har teke influensa A vaksine, er det framleis høve til dette.
Ta kontakt med helsesyster på helsestasjonen tlf 61 21 72 07 for nærare avtale om dag og tid
2009-12-02
Lom mottok mandag den 23.11 500 nye influensavaksiner. Den 26.11, 27.11, 30.11 og 02.12 er det gjennomført vaksinering av prioriterte grupper jfr anbefalingar frå sentrale helsemyndigheiter (annonse i Fjuken den 26.11.09)
Dersom det etter siste planlagte vaksineringsdag 2.12 framleis er att vaksiner, vil desse i fyrste omgang bli tilbydd aldersgruppa 16-25 år og barn/ungdom under 16 år som av ulike årsakar ikkje har fått vaksine enda. Det blir lagt ut informasjon om evt framtidige vaksinasjonsdag(ar) på lom kommune si heimeside.
Kommunelege 1
2009-11-24
Lom har mandag den 23.11 motteke 500 nye influensavaksiner. Det er difor nødvendig å prioritere innbyggjarane jfr. tilråding frå sentrale helsemyndigheiter.
Dette betyr at husstandsmedlemmar som har kontakt med risikopasientar som av helsemessige årsakar ikkje kan ta vaksine er prioritert fyrst. Dette gjeld også personar som må ha tett kontakt med svinebesetningar.
Utover dette blir det prioritert etter alder, slik at yngste aldersgruppe blir vaksinert fyrst.
PRIS FOR VAKSINERING ER KR 50 per pers. Dette gjeld for både barn og vaksne.
2009-11-18
Vi har nå vaksinert ferdig risikopasientar samt helsepersonell og dermed brukt dei første 500 vaksinene som var tilsendt.
Vi har enda ikkje motteke neste sending og veit heller ikkje når dette skjer. Det er stadig kommuner som ikkje har fått vaksinert alle risikopasientar.
2009-11-09
Lom kommune fekk i første forsending tildelt 500 doser med vaksine mot influensa A. Det har vore gjennomført vaksinering av risikogrupper den 29.10 og den 04.11.09. Dei 500 dosene er nå oppbrukt. Vi veit ikkje når vi får fleire vaksinedoser. Tilbod om vaksinering til andre grupper av befolkninga enn risikogruppene vil bli kunngjort så snart nye vaksinedoser blir tilgjengelege. Dette vil bli annonsert i Fjuken og på heimesida. Generell informasjon om Influensa A er tilgjengeleg på pandemi.no og fhi.no
2009-10-14
Forrige veke var alle tilsette i tenesteområdet helse- og velferd invitert til eit felles kulturbyggingsopplegg i Bøverdalen.Det heile starta med ei 2,5 timers økt i Klatreparken på Raudbergstulen. Her deltok i alt 15 tilsette.