Arvid Møller vert ny ambassadør for Lom

Forfattar Arvid Møller blir i kveld utnemnt som Lomsambassadør under Haustkveld under Lomseggen.
Dette skjer i samband med lanseringa av den nye boka ”Livet på Bergom”, som skildrar liv og historie i nasjonalparklandsbyen Lom.
Formålet med denne ordninga er å heidra personar eller verksemder som gjennom sitt daglege verke, frivillige innsats eller på andre måtar bidreg til å synleggjere Lom sine kvalitetar i og utanfor kommunegrensene på ein open, positiv og inkluderande måte.
Arvid Møller har gjennom sitt forfattarskap bidrege til dette. Han har nå skrive sin tiande bok om miljø og personar i Lom. Han presenterer seg sjølv som ein sann Lomsven i mange samanhengar. Han har svært god oversikt over korleis Lom har utvikla seg over tid, og han veit ting som både kan skrivast om og ikkje.
Det er formannskapet i Lom som tildelar Arvid Møller denne heideren.
Tips ein ven Skriv ut